Historie
Gamle og nye tårer
For 250 år sidan var det forventa å reagere med sterke kjensler. Biletet er eit utsnitt av målaren Jean-Baptiste Greuzes (1725–1805) Le fils puni – «Den straffa sonen» (1778)
Foto: Wikimedia Commons
Eg veit ikkje heilt om det stemmer, men eg har eit bestemt inntrykk av at det er lågare terskel for å visa kjensler i det offentlege rom enn det var for eit par tiår sidan. Det blir felt tårer både når ein vinn og taper ei idrettstevling, når ein artist lukkast eller mislukkast, og kanskje når det blir avslørt at ein politikars moral ikkje held mål!
Den svenske historikaren Peter Englund er ein meisterleg formidlar av så vel feltherrar med sine krigar og slag, som det nære og daglegdagse. Går vi tilbake til førmoderne tid, ville vi blitt slått av kor høglydt folk gav uttrykk for kjenslene sine i tårer, hulking og rop. Det gjaldt så vel gamle som unge, menn som kvinner, både dei høgt og lågt i samfunnet. Ein feltherre som hadde tapt eit slag kunne kasta seg på jorda i jamring og gråt.
Men dette treng ikkje vera uttrykk for at tidlegare tiders menneske var meir «barnslege» eller «kjenslemessig ustabile» enn vi er. Peter Englund peikar på at grensa mellom det private og det offentlege var heilt annleis enn i moderne tid. Privatlivet i vår forstand eksisterte ikkje i mellomalderen og heller ikkje på 1600–1700 talet, det kom først utover 1800-talet. Gråtfylte kjensler vart då gradvis privatiserte, men òg feminiserte, forskjellen mellom menn og kvinner blei meir markert. Menn skulle ha kontroll på kjensler, seksualitet og bankkonto! Baksida var at dei blei meir introverte og melankolske?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.