Francos lange skuggeI vår var det 80 år sidan terrorbombinga av byen Guernica. I dag er det eit etablert faktum at tyske og italienske bombefly i Francos teneste stod bak denne udåden.
Luis Iriondo (94) overlevde bombinga av Guernica i 1937 og minnest dei drepne.
Foto: Alvaro Barrientos/NTB scanpix
I vår var det 80 år sidan terrorbombinga av byen Guernica. I dag er det eit etablert faktum at tyske og italienske bombefly i Francos teneste stod bak denne udåden. Men Franco-regimet la først skulda på baskarane sjølve.
Då oppslag i internasjonal presse, basert på augnevitneskildringar, kunne melde om massive flyåtak, gjekk den nye propagandastrategien ut på at bombinga var eit reint tysk-italiensk prosjekt som Franco var uvitande om. Denne versjonen var den offisielle heilt fram til diktatorens død i 1975.
Men på høgresida i det spanske samfunnet har myteskapinga om den store landsfaderen halde fram heilt til i dag. Grovt sagt har Franco-myten fire aspekt: For det første: redningsmannen som i borgarkrigen berga Spania frå den gudlause kommunismen. For det andre: strategen som losa Spania vel gjennom den andre verdskrigen. For det tredje: antikommunisten som fekk USA-basar til landet alt på 1950-talet. Og for det fjerde: fredsmannen som la grunnlag for økonomisk vekst og overgang til demokrati etter sin død.
Alternative fakta
Sanninga om Guernica og andre brotsverk ville vere øydeleggjande for denne mytebygginga. Derfor måtte ein så lenge som mogleg halde fast på ulike former for lygn, eller «alternative fakta», som det ofte blir kalla. Det har ein sett i Spania heilt fram til våre dagar, for eksempel i heller lettvinte publikasjonar av Pio Moa og Cesar Vidal. Men også ein tidlegare seriøs historikar som Stanley Payne har kasta seg på rehabiliteringsbølgja av Franco. Saman med journalisten Jesus Palacios publiserte han i 2014 Franco. A Personal and Political Biography, ei bok som blant anna er basert på samtalar med dotter til Franco. Her går forfattarane svært langt i å frikjenne Franco for bombinga av Guernica.
Francos slagord var at han var ansvarleg berre overfor Gud og historia. Eg vil ikkje spekulere på korleis desse «instansane» dømer. Men seriøse historikarar gir i alle fall ein knusande dom av hagiografane som kvitvaskar diktatoren. Eit eksempel er særnummeret av tidsskriftet Hispania Nova i 2015 med tittelen «Sin respeto por la historia. Una biografía de Franco manipuladora». Her kritiserer leiande spanske historikarar Franco-biografien til Payne og Palacios. Dei gir derimot god attest til Paul Prestons biografi Franco. Caudillo de España. Her blir diktatoren omtalt som «el gran manipulador». Ein får også godt grunnlag for å vurdere sanningsinnhaldet i dei mange mytane om Franco i Antonio Cazorla Sánches’ bok frå 2013, Franco. The Biography of the myth. Og påstanden om at tapstala i Guernica var kraftig oppblåste, blir tilbakevist i Xabier Irujos ferske bok Gernika. 26 de abril 1937.
Nye minnesmerke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.