JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Framsynsfri E39?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4147
20210813
4147
20210813

Samferdsel

Regjeringa har lagt fram sin nasjonale transportplan (NTP) med ei kostnadsramme på 1076 milliardar norske kroner. For meg verkar det som at NTP ikkje tek omsyn til dette: Autonome framkomstmiddel vil gje oss den største revolusjonen innan transport sidan bilen gjorde sin entré for litt over 100 år sidan.

NTP viser på side 28 til regjeringa sitt «ekspertutvalg for teknologi og fremtidens transportinfrastruktur». I rapporten til utvalet står det på side 18: «Er sentrale valg i prosjektet basert på dagens og ikke morgendagens sikkerhetsnivå for kjøretøy? Smartere kjøretøy og utstyr vil kunne øke sikkerheten på vei, blant annet knyttet til evne til å holde eget kjørefelt og ved forhindring av risikabel fletting. Dette kan ha konsekvenser eksempelvis for behov for veibredde, prosjekter knyttet til tunnelsikkerhet med mer.» Vidare, på side 40, uttaler den same rapporten at: «Det er utvalgets vurdering at drivkreftene bak utviklingen av ulike grader av selvkjørende transport er sterke nok til at samferdselsmyndighetene bør legge denne utviklingen til grunn som en relativt robust forutsetning når fremtidens transportinfrastruktur skal planlegges.»

Det som framstår som sjokkerande, er korleis NTP kan vise til denne rapporten, og så etterpå skildre gigantiske vegprosjekt der omsyn til autonome framkomstmiddel ser ut til å vere fråverande. Det melder seg derfor eit behov for å få svar på nokre innvendingar:

- Det er mykje som tilseier at vegtrafikk til slutt, og raskare enn mange trur, vil bestå omlag utelukkande av autonome bilar. Autonome bilar vil alle kunne halde den eksakt same farten, og behovet for forbikøyringar vil då berre oppstå i sjeldne tilfelle. I tillegg vil autonome køyretøy trygt køyre med mindre avstand mellom kvarandre. Vil ikkje store delar av dei planlagde firefeltsvegane då bli overdimensjonerte?

- Mange av dei nye traseane i NTP har fått gjennomslag fordi dei senkar reisetida og dermed transportutgiftene for bedrifter. Eg vil tru den største reduksjonen i transportutgift forkorta reisetid gir, er reduksjonen i betaling til sjåføren. Men kva når sjåføren, som er køyretøyet sjølv, arbeider tilnærma gratis? Vidare, på side 103 i NTP står det at «et mer effektivt transportsystem med kortere reisetider gir et større pendlingsomland». Dette er det nok eit godt grunnlag for å hevde i dag, men kor stor er eigentleg effekten med morgondagens teknologi? Pandemien framskunda ein (venta) prosess som promoterer fjernkontor. Å integrere pendlartida som ein del av arbeidsdagen er allereie ein vanleg praksis for tog- og ferjependlarar, og autonome bilar vil opne denne moglegheita også for bilpendlarar. Ikkje dermed sagt at reisetid er uvesentleg for verken transportsektor eller persontrafikk, men det ser ut til at NTP har lagt sine planar ut ifrå nytte–kostnadsanalysar med menneskelege sjåførar som utgangspunkt, noko som er lite framsynt. (I tillegg vil reisetid på eksisterande vegar bli redusert når dei autonome bilane kjem, då desse trygt kan halde høgare fart enn menneskestyrte bilar.)

- Forskarar frå SINTEF har dei siste åra peikt på at reisetid og kostnader med ferjer kan bli monaleg senka når dei autonome skipa kjem, så kvifor er NTP så besett av å bli kvitt ferjene? Store vegprosjekt smykkar seg med positive ringverknader for bedrifter og lokalsamfunn både undervegs og etter byggeprosessen. Traseen til «Ferjefri E39» går gjennom Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland og Agder – dei maritime kompetansefylka som perler på ei snor! Kva positiv effekt ville vel ikkje desse fylka ha fått dersom regjeringa flytta ein stor del av investeringa på veg til satsing på maritim transport ved hjelp av autonome fartøy, deriblant ferjer?

Eg kan forstå at NTP må løyse nokre av dagens trafikkutfordringar innan nokre år, og ein kan peike på at full dekning av autonome bilar og båtar enda er eit stykke framfor oss, men mange av prosjekta som ligg i NTP, er så enorme at me må sjå på dei i eit tidsperspektiv som strekker seg minst 30 år fram i tid. Med dette tidsaspektet er eg redd mange av NTPs vegar tek oss baklengs inn i framtida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis