Om ein vil halde fram med å bruke ordet «postsovjetisk» om Ukraina, lyt ein vere klar over at denne merkelappen dekkjer ein stadig mindre del av den ukrainske røynda.
Eit spørsmål som vi lingvistar aldri blir ferdige med, handlar om sambandet mellom språk og tanke. Er det tanken som formar dei språklege kategoriane, eller er det tvert imot orda vi bruker, som formar tanken? Som elles i livet ligg nok sanninga ein stad mellom desse ytterpunkta. Men det kan vere gode grunnar til å stoppe opp og tenkje etter om dei orda vi nyttar, tvingar oss inn i ufruktbare tankemønster.
Eit ord som blir mykje brukt om Ukraina, er adjektivet «postsovjetisk». Men er eigentleg dagens Ukraina postsovjetisk? Dette spørsmålet var tema for eit seminar ved Princeton-universitetet nyleg, der samfunnsforskarar frå USA og Ukraina deltok.
Når vi nyttar omgrepet «postsovjetisk», handlar det om den historiske arven Ukraina ber med seg frå tida fram til 1991, då Ukraina var ein del av Sovjetunionen. Slik historisk arv er ikkje identisk med fortidas praksis, men representerer ei tillemping av gamle tanke- og handlingsmønster til nye realitetar. Dermed er det ikkje enkelt å fastslå kva som er att av det gamle, og kor mykje som er nytt.
Som Princeton-professoren Mark Beissinger, som har skrive bok om arven frå kommunisttida i Russland og Aust-Europa, peika på, er det lett å finne spor etter sovjettida i Ukraina. Minna frå «holodomor», svoltkatastrofen på 1930-talet som var resultat av Stalins politikk, lever framleis, og det same gjer minna frå den andre verdskrigen, Tsjernobyl-katastrofen og mange andre historiske hendingar frå sovjettida. Mykje av sovjetarkitekturen er framleis å sjå, og mange institusjonar, til dømes helsestellet, er framleis sterkt prega av sovjetsystemet.
Men samstundes har det skjedd mange endringar, og Ukraina har i løpet av tretti år kvitta seg med mykje av den sovjetiske ballasten. Viktige institusjonar som politi og forsvar har gjennomgått omfattande reformer. Ikkje minst endringane i forsvaret har gitt særs god utteljing på slagmarka. Berre om lag halve folkesetnaden har i dag opplevd sovjettida, og ser ein på haldningane blant folk, har dei endra seg radikalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.