Framgang for Raudt

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid fredag 18. februar skildrar Jesper Hommefoss Johnsen partiet Raudt sin framgang og medvind i år. Partiet har utgangspunkt i AKP-ml (Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene)). Partiet vart forma frå partiet Raud Valallianse (RV) frå 1975. Historia til ml-rørsla har vorte skildra gjennom filmane til regissørane Svend Wam og Petter Vennerød. Eit døme er filmen Åpen framtid frå 1980-talet som skildrar rotlaus ungdom frå ulike levekår i Noreg og deira ønske om ei alternativ framtid. Ein ville vekk frå konkurransesamfunnet og kapitalismen.

Etter frigjeringskampane mot nazismen i Noreg 1945, hadde NKP (Noregs Kommunistiske Parti) 11 prosent oppslutning ved stortingsvalet. Ulikskapen mellom NKP og AKP-ml er deira forhold til kommunismen i det tidlegare Sovjetunionen og kommunismen i Kina. Felles for desse partia var at dei ikkje tok innspel frå dei «fridomelege» sosialistane (anarkistane) seriøst. Den sosialistiske fordelingsnøkkelen ved statskassa som gjev pengar til folket, synest å vera viktig for økonomisk tilgang for arbeidslause folk.

Anarkistane meinte at makt­apparatet og byråkratiet burde nedprioriterast, og at fordelingspolitikk handlar om å gje samfunnsløn til alle. Den fridomelege sosialismen handlar jo nettopp om å riva ned skiljet mellom rike og fattige, fremja dei demokratiske rettane i offentleg sektor og samstundes stoppa privatiseringa. Det synest som at det er naudsynt at dei politiske partia på venstresida fremjar omgrepa om flat struktur og økonomisk tilgjengelegheit for alle.

Partiet Raudt har gjort ein kjempejobb på Stortinget i inneverande periode med leiaren Bjørn Moxnes og dei sju andre representantane. Arbeidet deira har stor verdi for folk med sosialhjelpstønad og uføretrygd.

Samfunnslønsomgrepet handlar om å fjerna skiljet mellom folk ved å gje pengar til folket og samstundes byggja ned byråkratiet kring trygdeytingar. Ein slik politikk vil endra dei økonomiske tilhøva blant mange vanskelegstilte i samfunnet. Det har det statskapitalistiske Noreg råd til.