Frå Prigozjin til Pugatsjov: kupp og oppstand i Russland før og no

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Skal ein forstå noko, er det nyttig å ha noko å samanlikne med. Problemet med Prigozjin og Wagner-gruppas væpna oppstand i juni er at det er få gode parallellar frå russisk historie. Men nokre historiske hendingar kan det vere verdt å trekke fram. Lat oss reise attende i historia.

Den mest nærliggande samanlikninga er med det mislykka kuppet mot Gorbatsjov i august 1991. Ei gruppe pampar tok makta for å redde Sovjetunionen før det var for seint. Men det var for seint. Sjølv om dei pansra køyretøya drog frå Moskva etter nokre dagar og ein smilande Gorbatsjov kom tilbake til hovudstaden, tok det berre nokre månader før Sovjetunionen var historie og Boris Jeltsin kom til makta.

I august 1917 sendte den russiske hærsjefen, general Lavr Kornilov, troppar mot sin eigen hovudstad på same måte som Wagner-sjefen gjorde i juni i år. Men Kornilovs troppar kom aldri fram, og oppstanden rann ut i sanden. Kva generalen eigentleg ville med oppstanden, er ikkje heilt klart. Truleg ville han presse den førebelse regjeringa som hadde teke makta etter at tsaren hadde abdisert, til å gjeninnføre dødsstraff og styrke disiplinen i hæren og samfunnet generelt. I staden vart resultatet revolusjon. Berre nokre månader etter Kornilov-affæren kom Lenin og bolsjevikane til makta.

Eit anna døme på eit mislykka militærkupp er «dekabristopprøret» i 1825. Tsar Aleksandr I var daud, og ei gruppe liberale offiserar freista å ta makta. Men kuppforsøket var dårleg planlagt og vart raskt slått ned. Resultatet vart det motsette av det opprørarane ønskte. Den neste tsaren, Nikolaj I, tok Russland i antiliberal retning. Leiarane av opprøret vart avretta eller sende til Sibir.

Går vi tilbake til 1600- og 1700-talet, finn vi fleire bonde- og kosakkopprør som mellom anna tok sikte på å få oppheva liveigenskapen. Det største og mest kjende var leia av kosakken Jemeljan Pugatsjov på 1770-talet. Pugatsjov nytta høvet medan den russiske hæren var oppteken med å krige mot Tyrkia, og i motsetning til Prigozjin i 2023 fekk Pugatsjov stor oppslutning og erobra mange viktige byar i Volga-området og det vestlege Sibir. Men Pugatsjov vart til slutt slått i 1774, og året etter dingla han i galgen. Resultatet vart det motsette av det opprørarane kjempa for. Katarina II vart mindre bondevenleg, og liveigenskapen bestod heilt til 1861.

Det er meir som skil enn som bind desse historiske hendingane saman. Men ein fellesnemnar er at alle hendingane skjedde i krisetider når styresmaktene var under sterkt press. Ingen av oppstandane førte fram, og resultatet vart helst det motsette av det opprørarane ønskte.

Kva som blir dei langsiktige konsekvensane av Wagner-oppstanden, er det for tidleg å seie noko sikkert om. I sommar vart Igor Girkin arrestert. Dette kan tyde på at Kreml har byrja å stramme inn overfor det ein kan kalle høgreopposisjonen, dvs. dei som kritiserer presidenten for ikkje å vere hard nok i klypa i Ukraina. Girkin var Kremls forlenga arm i Aust-Ukraina i byrjinga av krigen i 2014, og han er dømd in absentia i Nederland for nedskytinga av eit malaysisk passasjerfly same år. Seinare har han vore bloggar med base i Moskva, og han har ikkje spart på skjellsorda mot den russiske presidenten. No er det slutt. At Kreml strammar inn etter ein væpna oppstand, bør ikkje overraske nokon. Slikt er det lang tradisjon for i Russland.