Frå ord til handling
Halldis Neegaard Østbye.
HOLOCAUST
Tidleg om morgonen 26. november for 75 år sidan gjennomførte det norske Statspolitiet og lokale lensmannskontor med ryggdekning frå NS og tysk okkupasjonsmakt den siste massearrestasjonen av norske jødar. Menn, kvinner og barn blei frakta til Filipstadkaia i Oslo der lasteskipet «Donau» venta. Målet var Auschwitz. 532 av totalt 770 deporterte norske jødar var under vegs mot utryddinga. Berre 30 kom levande tilbake.
Men lenge før denne katastrofale dagen hadde NS-regjeringa sett i verk tiltak mot dei norske jødane gjennom ekstrem lovgivning og ulike forordningar etter tysk mønster. Frå januar 1942 blei alle jødar innkalla og fekk stempla ein J i passa sine. Det blei utarbeidd eit jøderegister, innført yrkesforbod og Hird-ungdom trakasserte jødar og gjorde hærverk mot jødiske butikkar utan at dette førte til straffeforfølging.
26. oktober 1942, ein månad før deportasjonen, vedtok NS-regjeringa «Lov om inndragning av formue som tilhører jøder». Same dag blei mannlege jødar over 15 år arresterte og plasserte i samleleirar rundt omkring i landet. Vidare, og seks dagar før deportasjonen, vedtok NS-regjeringa å opprette «Likvidasjonsstyret for inndratte jødiske formuer». Jødiske heimar, bedrifter og butikkar blei sette på som konkursbu eller at verksemda var nedlagt. Dermed var det fritt fram for NS-medlemmar å forsyne seg og gjere seg rike på beslaglagt jødisk eigedom i Noreg.
Opp gjennom historia har det vore ei utstrekt forfølging og trakassering av denne folkegruppa, ofte ut frå religiøse og kulturelle motiv der kristne sette seg til doms over jødane. Jødane var dessutan definerte som eit samfunnsproblem, og da nazismen storma fram frå 1933, opna det opp for radikale løysingar.
Tanken om deportasjon til Madagaskar blei lufta utover 1930-talet; blant andre gjekk NS-ideologen og antisemitten Halldis Neegaard Østbye inn for dette i pamfletten Jødeproblemet og dets løsning (1938), skrive under psevdonymet Irene Sverd og utgitt på nytt i 1943 på naziforlaget Kamban med tittelen Jødens krig.
Men da krigen kom, blei Madagaskar uaktuelt. Løysinga måtte finnast i Europa, ikkje berre løysinga, men die Endlösung som blei skissert på den strengt hemmeleg Wannsee-konferansen i Berlin 20. januar 1942.
Halldis Neegaard Østbye hadde heilt frå Nasjonal Samling blei stifta i 1933 eit tett og nært samarbeid med Vidkun Quisling. 7. oktober 1942 sende ho eit personleg brev til ministerpresident Quisling med adresse Slottet. Her tar ho opp hjertesaken sin: «Ang. jødespørsmålet.»
Det er eit firesiders maskinskrive brev så rasistisk tarveleg og skamlaust og gjennomsyra av vondskapens banalitet at ein enda i dag får frysningar ved å lese det. «Den endelige ordning må bli radikal og usentimental», skriv ho med det som ligg under ein slik ordbruk, og ho skisserer ulike tiltak, ja, ho blir til og med personleg når ho skriv om ein jødefamilie i nabolaget: «… en jøssing, en alminnelig sjappejøde, gift med en jødinne og har 3–4 frække jødebarn som har forgiftet de andre barna her oppe med sitt hat til NS og tyskerne.» Og ho skriv vidare: «Det er det samme med dyrene. De skal drepes raskt og smertefritt, ikke seigpines. Det bør vel også gjelde jødene.»
26. november 1942 er ein viktig dato i norsk historie fordi den skal minne nye generasjonar om kva som kan gå gale når feil personar finn saman i ein ideologisk sump og eit politisk-militært maktapparat som ikkje skyr noko middel for å nå dei måla dei higar etter. Slike menneske styrte Noreg under krigen, målretta rasistiske, kyniske og livsfarlege for dei som stilte seg i vegen for dei eller per definisjon stod i vegen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.