Frå embetsmann til streikevakt
Den tvangsavslutta lærarstreiken handla om lønn og rekruttering, og om undervisningskompetanse. I arbeidslivet er det vanleg å bruke lønnsauke for å rekruttere og behalde kompetanse. I skulen har det i meir enn hundre år vore vanleg å nytte ein omvend marknadsmekanisme. Når det manglar lærarar, reduserer ein kompetansekrava i staden for å auke lønna.
Første gongen dette skjedde i stort omfang, var like etter første verdskrig. Fleire unge søkte seg til gymnaset. Det mangla lektorar. Departementet dispenserte villig vekk frå kravet om embetseksamen for å undervise i gymnaset. Mange utan godkjend utdanning blei tilsette. På denne måten legitimerte staten at det var greitt å sjå vekk frå utdanningskrav når det var «nødvendig».
Dette blei til fulle «nødvendig» under innføringa av obligatorisk 9-årig grunnskule. Lærarmangelen var stor. Løysinga var å redusere krava til undervisningskompetanse, særleg for ungdomsskulen. Dette skulle vere ei overgangsordning, men ho beit seg fast svært lenge.
Historia viser at i skulen har det viktigaste vore å halde hjula i gang. Kø og venteliste for å begynne i grunnskulen er nærast utenkeleg. Då det tidleg på 90-talet blei køar og ventelister for å kome inn på vidaregåande, greip staten inn og oppretta ei mengd ekstraklassar. Lærarkompetansen kom i andre rekkje.
Gjennom kunnskapsløftet med Kristin Clemet som statsråd blei krava til undervisningskompetanse skjerpa. Men samstundes fekk kommunane meir makt og større fridom. Reveutgangane var der. Kommunane hadde vent seg til å ta for lett på utdanningskrav. Difor er det ein dårleg ide når regjeringa no vil gi kommunane endå vidare fullmakter til å vurdere undervisningskompetansen.
«Det vil heretter være meget vanskelig – om overhodet mulig – for Norsk Lektorlag å innlate seg på noen som helst forbindelse med By- og herredsforbundet». Dette stod å lese i Den høgre skolen i 1961. Sitatet illustrerer det beiske forholdet mellom lærarorganisasjonane og dåverande Norges by- og herredsforbund (dagens KS) på 1950- og 60-talet. Lærarane såg kort og godt på By- og herredsforbundet som ein upåliteleg motpart. Staten heldt lenge på lærarane, mellom anna med den grunngjevinga at lønns- og arbeidsvilkår var ein del av den nasjonale skulepolitikken. På 90-talet truga KS staten med rettssak og kom med lokkande godord til lærarane. I 2004 vann KS fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.