Ordskifte

Frå Amerika først til EU først

Den nye amerikanske tryggingsstrategien sjokkerer ved å peike ut det liberale Europa og EU som hovudfiende.

Måndag møttest EU-leiarar, Nato-sjef Mark Rutte og representantar frå dei viktigaste EU-landa til eit arbeidsmøte i Elyséepalasset i Paris for å snakke om fredsforhandlingane om Ukraina, der EU er stilt på sidelina.
Publisert Sist oppdatert

Det liberale Europa har møtt den nye amerikanske tryggingsstrategien (NSS) med sjokkert vantru. Det verste sett frå ein europeisk synsstad er (1) at NSS så tydeleg signaliserer at USA vil blande seg inn i europeisk politikk til fordel for høgrepopulistiske («patriotiske») parti, spesielt i kampen mot EU, og (2) at NSS framstiller faren for europeisk «sivilisatorisk utsletting» som eit større eksistensielt trugsmål mot Europa enn det russiske forsøket på å legge Ukraina under seg.

Faktisk blir verken Russland eller Kina omtala som trugsmål i det heile. Det liberale Europa og EU framstår som den store stygge ulven.

Dokumentet stadfestar at Trump-administrasjonen ikkje berre har forlate, men erklærer ideologisk krig mot liberal, verdibasert internasjonalisme, multilateralt samarbeid, frihandel og globalisering. I staden hyllar NSS nasjonal suverenitet, sjølvberging og profitt, militærmakt og den sterkaste sin rett.

EU-motstanden er i tråd med dette tankegodset, men òg med interessene til amerikanske «teknologioligarkar», som ser EU-kommisjonen som sin største fiende, og som ligg langflate for Trump.

Ønsket om «å atterreise amerikansk dominans på den vestlege halvkula» og den realpolitiske tonen elles i NSS blir i Kreml utan tvil teke til inntekt for Putins draum om ei verd inndelt i interessesfærar, med Russland som dominerande stormakt i Europa.

På den andre sida inneheld NSS ubehagelege sanningar om dei store utfordringane Europa står overfor. Som strategien til dømes peikar på, har Europas del av verdas verdiskaping falle kraftig frå 1990 til i dag. Europa treng eit enormt krafttak for å oppnå større økonomisk vekst og dynamikk. Den einaste realistiske måten å få til det på, er å satse på EU og den indre marknaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement