Debatt
Fotballen som det ukontrollerbare
Fascinasjonen ved fotball botnar i det vi ikkje veit på førehand, skriv Anders Skaiå.
Erling Braut Haaland og Julian Ryerson jublar etter at Noreg vann 4–1 over Italia. Få hadde venta seg eit slikt resultat på førehand. Foto: Lise Åserud / NTB
Lise Åserud
Hartmut Rosa skriv at vi lever i ei tid oppteken av kontroll. Vi planlegg, reknar og sikrar oss mot risiko – som om livet kan styrast med algoritmar. Likevel lengtar vi etter erfaringar som ikkje let seg temje, som gjev resonans, overrasking og meining. Fotball er eit slikt rom. Vi kan analysere motstandaren, trene på dødballar, simulere scenario – men vi kan aldri kommandere ein kamp til å gå vår veg. Spelet har sin eigen vilje, sin eigen dramaturgi. Det er difor vi elskar det: fordi det trassar kontrollen og gjev oss augneblinkar som ikkje kan planleggjast, men som likevel kjennest nødvendige.
Fotballens magi ligg nettopp her. Spelet har sin eigen puls, sitt eige liv – ein dramaturgi som ingen trenar kan diktere og ingen direktør kan kjøpe. Sjølv med VAR og milliardbudsjett kan eitt sprett, ei feilvurdering, éin genial idé snu alt. I siste sekund. Som då Liverpool tapte 3–0 i første kamp mot Barcelona, og alt såg avgjort ut. I returoppgjeret på Anfield låg dei under med alle odds mot seg – heilt til dei skåra fire mål, det siste etter ein rask corner frå Trent Alexander-Arnold som lurte heile Barcelona-forsvaret. På eit blunk var alt snudd, og Liverpool gjekk vidare. Fotballens magi ligg nettopp her.
Vi vender tilbake, veke etter veke, fordi fotballen – som livet – er open, uføreseieleg og full av mirakel som ikkje let seg produsere på kommando. Når alt anna i kvardagen er planlagt og kontrollert, gjev fotballen oss det Rosa kallar resonans: augneblinken der verda svarar med noko vi ikkje kan rekne ut, men som likevel gjev meining.
Fotballfilosofen
Filosofen og forfattaren Albert Camus stod i mål for Racing Universitaire d’Alger. For Camus var fotball meir enn leik – det var ein lidenskap, eit mysterium og ein skule i ansvar. Som keeper stod han åleine, den siste barrieren, alltid utsett for det uføreseielege. Eitt sprett, eitt skot, eitt sekunds feilvurdering, eller sola i augo kunne endre alt. Denne erfaringa forma filosofien hans: Livet, som fotball, er ein kamp utan garantiar. Vi kjempar, vi håpar, men vi veit at vi kan tape sjølv når vi gjer alt rett. Det er det absurde – og vår oppgåve er å handle likevel, som Sisyfos som rullar steinen sin opp fjellet, vel vitande om at han vil falle.
Ballpoesi
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.