Fortel patriarken i Moskva kva som skjer
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Søndag 3. april var det gudsteneste i Bakkehaugen kyrkje i Oslo. Olav Fykse Tveit, preses i den norske kyrkje, var til stades og rapporterer i eit innlegg på Facebook om solidaritet med Ukraina. «Vi bad for dei krigsråka. Og om fred. Organisten spelte Ukrainas nasjonalsong til postludium», heiter det mellom anna.
Bøn, solidaritet og vakker musikk er fint. Men er det ikkje på tide å gjere noko meir? Bruke posisjonen som leiar for den norske kyrkja til å få patriarken i Moskva i tale? Fortelje han kva som skjer i Ukraina?
Media i Russland er no fullstendig underlagde styresmaktenes kontroll. Vladimir Putin styrer alt som kjem ut av informasjon om «spesialoperasjonen» i Ukraina. Orda krig og invasjon er framleis forbodne å bruke, og straffa for å gi uttrykk for eit anna syn på det som skjer i Ukraina enn det styresmaktene står for, er opp til 15 års fengsel.
Samstundes veit vi at leiaren i den russisk-ortodokse kyrkja, patriark Kirill, ved mange høve har legitimert Putins angrep på Ukraina. Putin og Kirill står kvarandre nær og deler ei oppfatning av den vestlege verda som syndig og dekadent, og at det russiske folket må bergast frå dette forfallet. Krigen i Ukraina er ein «redningsaksjon» der folket skal førast tilbake til den russiske kulturen og russisk-ortodokse kyrkja. Invasjonen blir framstilt med eit kyrkjeleg stjernestøv over seg, og blir sett på nærast som eit heilagt oppdrag.
Dette forvrengte verdssynet har ført til ein brutal krig med fryktelege overgrep mot sivile i Ukraina, der ingen vert sparte. Det finst dødslister over kyrkjelege tilsette frå andre kyrkjesamfunn enn det russisk-ortodokse, og over leiarskapet i Bibelselskapet. Veit Kirill sanninga om korleis det står til i Ukraina? Har han informasjon om drapa, bombinga og overgrepa mot folket i nabolandet? Veit han om dei mange tusen unge russiske soldatane som lir og som har mista livet i kamphandlingane?
Det er ikkje sikkert at Kirill og staben hans har full innsikt i denne krigen. Då er det på tide at nokon fortel dei om kva som føregår. Her har preses i den norske kyrkja ein eineståande sjanse til å bruke stillinga og posisjonen sin til å utgjere ein reell forskjell – «ta ein Støre» og bruke posisjonen sin til å opplyse motparten, slik Jonas Gahr Støre gjorde det i samtalen med Putin for nokre veker sidan.
Eg vil utfordre preses for den norske kyrkja til å kontakte patriark Kirill. Skriv eit offisielt brev. Fortel om kva som eigentleg skjer i Ukraina. Forklar at dersom Kirill og den russisk-ortodokse kyrkja ikkje tar klar avstand frå krigen, er dei medskuldige i ein brutal krig. Fortel at den russisk-ortodokse kyrkja sitt samarbeid med den russiske diktatoren Putin set heile den globale kristne kyrkja i vanry.
Solidaritet gjennom ord og bøn er ei fin gest. Men no er det viktig å gå over til handling. Porten inn til Putin kan gå gjennom patriark Kirill. Det er verdt eit forsøk.