Forsterka hat under indisk katastrofe
Muslimar på flukt frå hinduvaldsmenn i New Delhi som korkje politiet, rettsstellet eller styresmaktene vil verna dei mot, fortalde flyktningane til nyhendebyrået AP i februar 2020.
Foto: Rajesh Kumar Singh / AP / NTB
Hindunasjonalistane i India utnyttar den katastrofale pandemien til å forsterka hatet mot både muslimar og kristne.
Då pandemien ramma India i mars 2020, fekk hindunasjonalistar ein ny sjanse til å framstilla religiøse minoritetar som farlege for det hinduistiske India.
Her er ei av mange historier, frå april 2020: Ein tidlegare offiser i den indiske hæren måtte stoppa motorsykkelen ved ei provisorisk vegsperring sør for New Delhi. Folka ved vegsperringa identifiserte han straks som muslim. «Desse folka spreier koronaviruset. Ta han!»
Mannen fekk eit tau om nakken. Det vart stramma. Han svima av, ifølgje politirapporten. På sjukehuset blei han akutt operert, melde The Washington Post.
India har grunnlovsfesta trusfridom. Men sidan 2014 har landet vore styrt av det hindunasjonalistiske partiet BJP. Det har gjort livet som religiøs minoritet vanskelegare. Verst har det gått ut over muslimane, mellom anna då dei vart ekskluderte i ei lov som i 2019 gav statsborgarskap til flyktningar som i årevis hadde hatt tilhald i India.
Valdelege grupper av hindunasjonalistar – både den paramilitære RSS og lokale mobbar – har angripe minoritetar. Under pandemien er trakasseringa av dalitar, muslimar, kristne og andre minoritetar forsterka, skriv Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) i 2020-rapporten sin.
Festivalar for millionar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.