JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Forsterka hat under indisk katastrofe

Hindunasjonalistane i India utnyttar den katastrofale pandemien til å forsterka hatet mot både muslimar og kristne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Muslimar på flukt frå hinduvaldsmenn i New Delhi som korkje politiet, rettsstellet eller styresmaktene vil verna dei mot, fortalde flyktningane til nyhendebyrået AP i februar 2020.

Foto: Rajesh Kumar Singh / AP / NTB

7271
20210618

India

Johannes Morken

7271
20210618

India

Johannes Morken

Då pandemien ramma India i mars 2020, fekk hindunasjonalistar ein ny sjanse til å framstilla religiøse minoritetar som farlege for det hinduistiske India.

Her er ei av mange historier, frå april 2020: Ein tidlegare offiser i den indiske hæren måtte stoppa motorsykkelen ved ei provisorisk vegsperring sør for New Delhi. Folka ved vegsperringa identifiserte han straks som muslim. «Desse folka spreier koronaviruset. Ta han!»

Mannen fekk eit tau om nakken. Det vart stramma. Han svima av, ifølgje politirapporten. På sjukehuset blei han akutt operert, melde The Washington Post.

India har grunnlovsfesta trusfridom. Men sidan 2014 har landet vore styrt av det hindunasjonalistiske partiet BJP. Det har gjort livet som religiøs minoritet vanskelegare. Verst har det gått ut over muslimane, mellom anna då dei vart ekskluderte i ei lov som i 2019 gav statsborgarskap til flyktningar som i årevis hadde hatt tilhald i India.

Valdelege grupper av hindunasjonalistar – både den paramilitære RSS og lokale mobbar – har angripe minoritetar. Under pandemien er trakasseringa av dalitar, muslimar, kristne og andre minoritetar forsterka, skriv Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) i 2020-rapporten sin.

Festivalar for millionar

India vart stengd ned 24. mars 2020. I januar i år erklærte så regjeringa at kampen mot pandemien var vunnen. I mars nekta helseministeren å lytta til ei sterk åtvaring om ein ny, farleg virusvariant.

I staden for nytt smittevern, starta regjeringspartiet valkamp før parlamentsvalet – også statsministeren deltok på store arrangement. Og gigantiske hindufestivalar samla, med statleg støtte, millionar.

Hindunasjonalistane har lenge brukt store festivalar – og etablert nye – for å samla hinduismen rundt forteljinga at «berre hinduar er gode indarar».

Dei store samlingane hadde katastrofale resultat. Frå 8000 smitta på éin dag den 1. februar, passerte talet på nye smitta på éin dag 400.000 i mai. Men mørketala er store, amerikanske forskarar trur talet har passert 1,1 million. Tragedien er ikkje til å bera – verken for India eller landa rundt som venta på vaksinar som India no ikkje kan senda frå seg.

Det er ein sterk kontrast mellom at muslimar vart gjorde til syndebukkar som smittespreiarar – og dei store hinduarrangementa som verkeleg spreidde smitten. Men det er ingen grunn til å kritisera hinduane som deltok. Dei hadde tiltru til statsminister Modi som hadde tillate festivalane og sagt at kampen var vunnen.

Demoniserer muslimar

Demoniseringa av muslimar held derimot fram. I delstaten Karnataka i sør, tidleg i mai 2021: Eit ungt medlem av parlamentet, Tejasvi Surya frå regjeringspartiet BJP går inn i eit covid-19-senter. Blant 205 tilsette finn han 16 muslimske namn.

Surya spør retorisk – på ein video som spreier seg på sosiale medium – om dette er eit covidsenter eller ein koranskule. Han hevdar – utan prov – at dei 16 muslimane har svindla til seg sjukehussenger, som det er desperat mangel på. Regjeringspartiet karakteriserte på Twitter dei 16 som «medisinske terroristar» som hadde «teke liv utan å sprengje bomber». Dei 16 blei pressa ut av jobbane sine, men fekk dei etter kvart tilbake.

Opposisjonen, Kongresspartiet, gjekk hardt i rette med Surya. Sjølv gjekk han etter nokre dagar tilbake for å be om orsaking.

Angrip kristne

Angrepa mot kristne har heller ikkje teke pause. Frå nyttår til slutten av mai var det registrert over 120 valdelege angrep på kristne – om lag same nivået som i fjor. I eit nedstengt samfunn har det vore færre gudstenester enn vanleg å angripa for ekstremistmobben. Det er elles god grunn til å tru at det er store mørketal: Mange vågar ikkje fortelja, av frykt for nye overgrep.

Det evangeliske kyrkjefellesskapet i India (EFI) publiserer regelmessig rapportar om angrep mot kristne. Men etter å ha publisert både årsrapporten for 2020 og fleire oppdateringar gjennom februar, tok publiseringa slutt 1. mars.

Dette kjem mellom anna av at indiske kyrkjer måtte bruka mykje krefter på å samordna ein massiv hjelpeinnsats under pandemien.

Men generalsekretær Vijayesh Lal fortel meg at ei anna viktig årsak til rapportpausen var at ein leiar i BJP melde Lal til politiet og kravde kyrkjeleiaren tiltalt for forræderi. BJP-politikaren skulda kyrkjeleiaren for å ærekrenkja India med rapporteringa av angrep mot kristne. Lal seier at dei på grunn av politimeldinga vil gå under radaren ei tid. Men innsamlinga av data held fram, og rapporteringa vil verta teken oppatt.

Drap på grunn av tru

For angrep skjer: Dagar før han og eg snakka saman, blei faren til ein pastor i ein landsby nordvest i India drepen.

Ein av reiskapane ekstremistane brukar, er lover som i praksis kriminaliserer alle konverteringar frå hinduismen til kristen tru. Kristne vert, svært ofte utan prov, skulda for å ville øydeleggja det hinduistiske India ved å konvertera folk.

Madhya Pradesh blei den åttande delstaten til å innføra ei slik lov. Den 31. desember mista ei 25 år gamal kvinne det ufødde barnet sitt i åttande månad. Ho blei sparka ned då ein valdeleg mobb angreip eit kristent møte i byen Barwani. Dei tolv kristne som var samla i ein privat heim, vart skulda for å konvertere folk med makt, noko det ikkje er ført prov for.

Politiet påstod først at det ikkje hadde vore noko angrep, melder nettavisa The Diplomat. Kvinna fekk hjelp frå ein uavhengig organisasjon til å få medisinsk behandling. Advokatane deira hjelpte henne med å melda saka til politiet som då starta etterforsking. Eg kjenner organisasjonen, men vågar ikkje gje opp namnet på han, av frykt for at dei får vanskar fordi dei får støtte frå utlandet.

Diverre snur politiet ofte ryggen til når hinduekstremistisk mobb angrip ein pastor eller ei kyrkje. Organisasjonen har gått rettens veg og hjelpt mange til å få vern.

Men lokalt finst det mange stader motkrefter mot den djupe splittinga. Kristne, muslimar og sikhar stiller opp for andre under pandemien, utan omsyn til tru: Sikhar skaffar oksygen, kristne opnar kyrkjer og skular for innsats, ein stad tok ein muslim seg av rituala under kremeringa av ei hindukvinne familien ikkje våga å røra.

Skadar India

Store indiske medium er kontrollerte av hindunasjonalistar. Mange TV-stasjonar promoterer hindunasjonalismen og gjev rom for angrep ikkje minst på muslimar.

Men det er ein gryande debatt om dei mange valdsangrepa på religiøse minoritetar. I tidsskriftet Foreign Policy slår Sunita Viswanath i Human Rights Watch fast at statsminister Modis religiøse nasjonalisme og islamofobe politikk også skadar fattige og marginaliserte hinduar.

Pandemien har vist at hindunasjonalismen ikkje er god for India.

Johannes Morken

Johannes Morken er redaktør i Stefanusalliansen.

Stefanusalliansen er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskild vekt på trusfridom. Organisasjonen støttar arbeid i kring 20 land i Asia og Midtausten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ein sterk kontrast mellom at muslimar vart gjorde til syndebukkar som smittespreiarar, og dei store hinduarrangementa som verkeleg spreidde smitten.

Den berande ideen for hindunasjonalismen er at for å vera ein god indar, må du vera hindu.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis