Forstå Russland, ikkje fordømRusslandÅsmund Voss Fleire ser ut til å få sympati med Putin og politikken hans. Det er stabile politiske tilhøve i Russland, og dei siste 20–30 åra har det vore økonomisk framgang. Opposisjonen er liten, men kvar gong det skj
Fleire ser ut til å få sympati med Putin og politikken hans. Det er stabile politiske tilhøve i Russland, og dei siste 20–30 åra har det vore økonomisk framgang. Opposisjonen er liten, men kvar gong det skjer ein eller annan protest, blir dette slått stort opp i vestleg media. Men kvifor denne personifiseringa av politikken? Putin er representant for nasjonen Russland. Etter han kjem det ein ny mann, og han vil truleg vidareføra den same politikken.
I 1990-åra kom Polen og fleire andre tidlegare austblokkland inn i EU og Nato. Den vesteuropeiske kulturen og tenkjemåten breidde seg austover, men ved den russiske grensa vart det nærast full stopp. Den vestlege ideologien slår ikkje inn slik som forventa. Kvifor ikkje? Grunnen er vel at Russland har andre tradisjonar, ei spesiell historie og ein kultur som er ulik vår. Dette må Vesten akseptera. I staden for å syta og klaga over kor dårleg det står til i Russland, bør me visa politisk og kulturell toleranse overfor naboane våre i aust. Alle statar må ha ei styringsform som er tilpassa folket og kulturen i landet. Å pressa det vestlege demokratiet ned over alle statar rundt omkring i verda er ikkje realpolitikk.
Vest-Europa har ein 500 år gamal tradisjon med å herska og dominera over andre. Det begynte med Columbus og Pizarro på 1500-talet. Mykje har vorte betre etter den tid, men det er ikkje mange år sidan vesteuropeiske land prøvde å nå sine politiske mål med våpenmakt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.