Forsking på klimaendringarKlimaØyvind NordliJarGunnar Abrahamsen saknar svar på årsakene til naturlege klimaendringar gjennom dei siste 12.000 åra. Dette var av dei tinga eg opphavleg hadde med i svaret mitt til han, men som eg måtte kutte ut på grunn regl
Gunnar Abrahamsen saknar svar på årsakene til naturlege klimaendringar gjennom dei siste 12.000 åra. Dette var av dei tinga eg opphavleg hadde med i svaret mitt til han, men som eg måtte kutte ut på grunn reglane om lengda på debattinnlegg i Dag og Tid.
For 20.000 år sidan låg isen tjukk over heile Skandinavia både sommar og vinter, frå Tyskland i sør opptil Svalbard i nord. Serbaren Milutin Milankovic meinte at årsaka til nedisinga var endringar i jordbanen, ein teori som no er allment akseptert. Endringane er ikkje store nok til åleine å kunna forklare istidene, men den vesle temperaturauken er nok til å generere auka mengd av drivhusgassar som vassdamp og CO2. Dermed blir effekten stor nok.
Ein fasinerande periode er sommarvarmen for 7000–9000 år sidan. Årsaka var at jordaksen stod skeivare i høve til jordbaneplanet, slik at sommarsola vermde meir. Då låg ikkje polarsirkelen på Saltfjellet, men nær Brønnøysund. I Rødalen ved Tynset er det gjort rike funn av fossil furu. Dei viser at furuskoggrensa for 9000 år sidan låg på om lag 1060 moh., som på grunn av landhevinga svarar til 990 moh. I dag ligg furuskoggrensa i Rødalen på 820 moh. som gjev noko over 1 grad høgare sommartemperatur i varmetida. Kanskje er skilnaden mindre sidan skogen treng tid på å krype oppover, slik at skoggrensa ikkje fullt ut har gjort seg nytte av det varmare klimaet vi no har fått.
Vikingtida var varm, i alle fall i det atlantiske området, men likevel kaldare enn notida om ein reknar globalt. Eit definitivt omslag kom med den vesle istida (ca. 1550–1850) som var kald også globalt. Årsaka var veik innstråling som er dokumentert ved det låge talet på solflekkar. I tillegg kom mange sterke vulkanutbrot som også er med på å redusere strålinga. Desse faktorane endra seg i perioden 1850–1950, slik at temperaturauken då kan ha kome også utan menneskeskapte utslepp.
Etter 1950 har temperaturen på jorda auka sterkt medan dei naturlege faktorane som har påverka klimaet, ikkje har endra seg. Det gjeld også kosmisk stråling som Abrahamsen nemner spesielt. I klimamodellane er det ikkje berre drivhusgassane som er med, men også vulkanutbrot og solstråling. Årsaka til temperaturauken er menneskeleg aktivitet som fører til utslepp av drivhusgassar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.