Forsking og politikkLÆRARNORMASTEFFEN HANDAL OSLOI Dag og Tid frå 22. desember i fjor skriv Jon Hustad lite informativt om minstenorma for lærartettleik. Minstenorma skal innførast i to steg frå neste haust som følgje av semje i budsjettforhandlingane i St

Publisert

I Dag og Tid frå 22. desember i fjor skriv Jon Hustad lite informativt om minstenorma for lærartettleik. Minstenorma skal innførast i to steg frå neste haust som følgje av semje i budsjettforhandlingane i Stortinget mellom regjeringa, Venstre og KrF.

Hustad ser ut til å tru at dette er det same som å fastsette ein maksimal klassestorleik ved alle grunnskular i landet. Det er det ikkje. Minsteressursnorma tar sikte på å sikre alle grunnskular ei rimeleg mengd lærarar i høve til elevtalet til ordinær undervisning. Det blir opp til skulane å velje korleis lærarane skal nyttast til små eller store klasser, eller til tolærarordningar. Kor mange fleire lærarar som trengst for å oppfylle dei nye krava, er usikkert, fordi vi reknar med at ordninga vil kunne redusere bruken av spesialundervisning.

Hustad påstår at vi ikkje har ei minsteressursnorm i grunnskulen i dag. Det stemmer ikkje. Dagens minstenorm blei innført i 2003, då Stortinget oppheva klassedelingsreglane. Då bestemte Stortinget at alle grunnskular skulle ha minst éin lærar per time i grupper som låg innanfor dei tidlegare klassedelingsreglane. Problemet med minstenorma frå 2003 var nivået som svarar til om lag 75 % av dei lærarressursane grunnskulane var sikra inntil 1986. Det Stortinget har gjort, er difor å gi skulane tilbake det ressursnivået dei tapte i 1986.

Dette er òg ein viktig føresetnad for å kunne gi alle elevar i grunnskolen likeverdig opplæring. Den målsettinga har altfor lenge vore ofra på kommunal handlefridom sitt alter. Når skilnaden i lærartettleik mellom kommunar i same kommuneklasse har kome opp mot 300 %, vil dei fleste skjøne at utviklinga har gått feil veg.

Hustad ser ut til å ha einsidig tru på læringsresultat som kan framstillast med tal på ein normert skala. Vi som arbeider i skulen, og svært mange andre, skjønar at resultata av skulen sitt breie læringsoppdrag ikkje lar seg framstille fullstendig på ein så enkel måte. Undervisning og læring er komplekse prosessar. Å gjere dei til enkle samanhengar, slik det blir gjort gjennom regresjonsanalysar av samvariasjonar i ein del av forskinga, spesielt den økonomiske, blir for enkelt. Dessutan undersøker forskinga som Hustad viser til, berre verknader av store og små klasser, ikkje verknader av ulike ressursnivå mellom elles like skular som kan bruke ressursane på ymse måtar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement