Forsking og klimaendringarKlimaTrygve Refsdal VossProfessor Gunnar Abrahamsen ynskjer seg meir forsking på årsakene til klimaendringar i vår fortid. Kva skjedde i tusenåra bak oss, og kva utløyste endringar i klimaet? Han har fått plass i Dag og Tid etter

Skogbrannen som råka British Columbia i juli i fjor herjar i fjella aust for Cache-elva ved Boston Flats.
Skogbrannen som råka British Columbia i juli i fjor herjar i fjella aust for Cache-elva ved Boston Flats.
Publisert

Professor Gunnar Abrahamsen ynskjer seg meir forsking på årsakene til klimaendringar i vår fortid. Kva skjedde i tusenåra bak oss, og kva utløyste endringar i klimaet? Han har fått plass i Dag og Tid etter å ha blitt refusert i Aftenposten.

Eg synest dette er eit godt innspel. Det har, i lang tid, vore eit sterkt og kanskje einsidig fokus på karbondioksid som drivhusgass. Men gassen har også andre sider. Viktige, men svakt forstått av mange.

Iskjerneboringar ved Vostok-stasjonen i Antarktis fortel oss at innhaldet av CO2 i atmosfæren har variert ein god del dei siste 400.000 åra. Med fem toppar der innhaldet har vore på om lag 300 ppm (måleeining for konsentrasjon i milliondelar, red. merk.), og fire periodar der innhaldet har gått under 190 ppm. Men me veit også at her er eit bra samsvar mellom dette innhaldet og temperaturen på jorda: Kalde periodar når innhaldet er lågt, og varme periodar i tidsbolkar med høgt innhald av CO2 i lufta.

Me veit at CO2 er ein viktig drivhusgass. Men kan drivhusgassar åleine forklåra temperaturutslaga? Karbondioksid er veldig mykje meir enn ein drivhusgass. Han er sentral i fotosyntesen, grunnlaget for alt liv på jorda.

I dag finn me ein CO2-konsentrasjon i atmosfæren på om lag 400 ppm, høgare enn nokon gong dei siste 750.000 åra. Det er ei sterk kraft i fotosyntesen, og han verkar som ei gjødsling av biosfæren på landjorda. Det gjev eit pådriv for tilgroing, med meir frodig og storvaksen vegetasjon.

Dette minskar albedo, refleksjonsevna til landjorda. Ein sparsam vegetasjon reflekterer meir av sola si innstråling enn ein frodig vegetasjon. Skog fangar opp meir varme enn opne landskap. Vestlandet og kyststroka våre vert myrkare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement