Fornying av demokratiske institusjonar
I Irland er forakta for politikarane låg.
Foto: Peter Morrison / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
Politikk handlar om kva som er til fellesskapets beste. Demokratiske institusjonar har til hensikt å fremje dette høvet. Det betyr ikkje at vi nokon gong klarar å organisere samfunnet til det beste for alle, men dette må ligge som ein demokratisk intensjon for vår organisering av demokratiet.
Dagens organisering av demokratiet er problematisk. Vi ser stadig fall av politikarar som er meir opptatt av eiga vinning enn å ha til hensikt å fremje ein partipolitikk. Det handlar meir om å vinne val enn om å representere ei gruppe av befolkninga. Enkelte synest å vere villige til å gå over lik for å vinne eigen posisjon. Det vil ikkje vere overraskande om tilliten til politikarane er låg, når dei stadig utnyttar systemet snarare enn å verne om det.
Eit land som går i motsett retning er Irland, der forakta for politikarane er låg. Irland har gjort fleire grep for å forbetre den demokratiske organiseringa. I perioden 1998 til 2019 har dei hatt 22 nasjonale avstemmingar. Dette har vore alt frå moralske spørsmål som barnerett, likekjønna ekteskap og abort til Irlands relasjon til EU. Konsekvensen er at den irske befolkninga har tatt stilling til og delteke i politiske avgjersler der dei langsamt har utvikla ein avstemmingskultur. Dette har aukar kvaliteten på den politiske debatten som handlar om sak meir enn personar.
Irland har òg oppretta eit folketing. Her blir medlemmene trekte ut frå demografiske kriterium. Ideen er at eit gjennomsnitt av befolkninga skal komme saman for å få innsikt i saker som er av betydning for fellesskapet. På bakgrunn av folketinget sin kollektive intelligens blir det laga ein rapport med anbefalingar både for grunnlovsendringar og andre lovendringar. Politikarane må reagere på tinget sine forslag med å godkjenne, avvise eller sende dei til vidare utgreiing. På sikt kan vi sjå for oss ei forskyving i makt frå valde politikarar til ei demografisk trekt folkeforsamling.
Dette er nokre døme på demokratisk innovasjon. Island og «Betre Reykjavik» er eit anna døme. Poenget er at vi må tenke nytt rundt organiseringa av våre demokratiske institusjonar skal vi halde ved like borgarane sin politiske vilje og kamp for sakar som har verdi for fellesskapet.
Knut Ove Æsøy er førsteamanuensis i filosofi ved OsloMet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.