Fornekting og omskriving av den nære historiaMedia og politikarar kasta seg over menneskerettane og demokratiet i staden for å ta tak i dei reelle maktpolitiske forholda i klimasaka.

Klimasøksmålet handlar òg om å gje avkall på arven etter Inge lønning, skriv Jørn Øyrehagen Sunde.
Klimasøksmålet handlar òg om å gje avkall på arven etter Inge lønning, skriv Jørn Øyrehagen Sunde.

Media og politikarar kasta seg over menneskerettane og demokratiet i staden for å ta tak i dei reelle maktpolitiske forholda i klimasaka.

Publisert

Klimasøksmålet handla opplagt om statsrett – om domstolane gjennom paragraf 112 i Grunnlova kan overprøva tildelinga av petroleumsutvinningsløyve. Og det handlar opplagt om klimatrugsmålet – vil ti petroleumsutvinningsløyve i Barentshavet utgjera eit trugsmål mot «helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag»?

Men klimasøksmålet handla òg om å fornekta og skriva om ein del av vår nære historie, om å leggja eit røykteppe over dei reelle maktpolitiske forholda og å gje avkall på arven etter Inge Lønning. Dette kjem fyrst og fremst til syne når regjeringsadvokaten, i tillegg til deler av media og det politiske miljøet, hevdar at klimasøksmålet utfordrar demokratiet, og at paragraf 112 aldri var meint å gje rett til å utfordra statens miljø- og energipolitikk.

Menneskerettar

Inge Lønning leia utvalet som utarbeidde Dokument 16 (2010–2011) der grunnlaget for den store grunnlovsreforma vart lagt. Han såg ikkje konflikten mellom å styrka menneskerettane på eine sida, og demokratiet på den andre. I 2012 skreiv han: «Demokratiet utelukker ikke rettsstaten, og rettsstaten utelukker ikke demokratiet. Derimot hviler begge på respekten for menneskerettighetene.» Difor meinte han òg at poenget med ei grunnlov var at ho skulle «sette skranker for utfoldelsen av politisk makt».

Desse utsegnene var ikkje innhaldslause frasar. I 2010 sette Høgsterett til side to lover og ein forvaltningsinstruks som stridande mot Grunnlova. Aldri har den øvste domstolen i Noreg markert seg sterkare i høve til Storting og regjering. For politikaren Inge Lønning var dette ein siger: «Nederlagene er tvert imot et tegn på at de bremsemekanismene folkestyret selv har innført, fortsatt virker. Det er det grunn til å glede seg over.» Dette trass i at Høgsterett til dømes i Rederiskattesaka påførte staten ein kostnad på 21 milliardar.

Bakgrunnen for det sterke engasjementet til Inge Lønning for menneskerettar og rettsstat spora han sjølv tilbake til kontakt med teologar i tidlegare Aust-Tyskland, som gjorde at han fekk oppleva kommunistregima på nært hald. Men Lønning er slett ikkje åleine om menneskerettsoptimisme verken i Noreg eller i Europa det fyrste halvtanna tiåret av 2000-talet. Bakgrunnen for dette er at det etterlengta fallet til kommunistregima i 1989, utløyste ei konstitusjonell bølgje over heile Europa prega av menneskerettsoptimisme. Dei gamle kommuniststatane fekk nye grunnlover med sterkt rettsstats- og menneskerettsvern. Dette vart ein spegel dei vestlege demokratia såg seg sjølve i. Og i han såg dei at heller ikkje hos dei hadde vernet om rettsstat og menneskerettar alltid vore like godt tatt vare på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement