Forlik om ulovlege oldtidssakerKULTURMINNENILS HALLVARD KORSVOLLOSLOEit evangelisk-kristent familiekonsern returnerer fleire tusen historiske gjenstandar som var smugla ut av Irak. I eit forlik med det amerikanske justisdepartementet frå 5. juli går Hobby

Publisert

Eit evangelisk-kristent familiekonsern returnerer fleire tusen historiske gjenstandar som var smugla ut av Irak. I eit forlik med det amerikanske justisdepartementet frå 5. juli går Hobby Lobby, ei bedrift som driv over 700 hobby- og handverksbutikkar i USA, med på å gi opp over 5500 oldtidsgjenstandar som truleg er smugla frå Irak, og å betale tre millionar dollar. Oppkjøpet fann stad i 2010, og etterforskinga til amerikanske styresmakter syner at gjenstandane, som inkluderer hundrevis av kileskrifttavler og sylindersegl, vart sende til fleire ulike Hobby Lobby-adresser frå Israel og Dei sameinte arabiske emirata i sendingar merkte «keramiske fliser» eller «vareprøver», og dermed smugla inn USA.

Hobby Lobby er eigd av den evangelisk-kristne Green-familien, som sidan 2009 har kjøpt opp store mengder historiske manuskript og gjenstandar knytte til den kristne Bibelen. Familien vil at samlinga skal fremje kunnskap om Bibelen og USAs kristne tradisjon, og er ein sentral aktør bak Museum of the Bible som no er under oppføring ved National Mall i Washington D.C.

Bibelforskarane Candida R. Moss og Joel S. Baden gav nyleg ut boka Bible Nation: The United States of Hobby Lobby, kor dei følgjer oppkjøpa til Green-familien og argumenterer for at desse vert brukte til å fremje ei tydeleg evangelisk-kristen forståing av Bibelen. I ein kommentar til NBC News i samband med forliket 5. juli seier Moss at det er problematisk å handle med gjenstandar ein ikkje kjenner opphavet til, sidan det alltid er ein fare for at dei er stolne eller gravne opp ulovleg.

Det har vore ei veksande merksemd rundt ulovleg handel med oldtidssaker etter at store mengder gjenstandar kom i omløp som følgje av IS-herjingane i Syria og Irak. I fjor kom òg den første dommen mot øydelegging av kulturminne i Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement