Forfeila framstegEkteskapGeir Den kjønnsnøytrale ekteskapslova blei driven fram som eit moderne framstegsprosjekt. Dei fleste, til og med Kyrkja, vart dregne med i dette jaget mot meir fridom. Men sanninga er at ekteskapslova har som føresetnad haldningar

Kakefest for den nye ekteskapslova ved Stortinget i 2008. Men alle døma på uheldige verknader av den nye lova viser kor vanskeleg det er å flikka på utdatert lovverk, skriv Geir Wigdel.
Kakefest for den nye ekteskapslova ved Stortinget i 2008. Men alle døma på uheldige verknader av den nye lova viser kor vanskeleg det er å flikka på utdatert lovverk, skriv Geir Wigdel.
Publisert

Den kjønnsnøytrale ekteskapslova blei driven fram som eit moderne framstegsprosjekt. Dei fleste, til og med Kyrkja, vart dregne med i dette jaget mot meir fridom. Men sanninga er at ekteskapslova har som føresetnad haldningar samfunnet vende ryggen til for lenge sidan. Ingen kan vel nekta for at sjølve grunnlaget for ekteskapet mellom mann og kvinne er reproduksjon. Var ikkje det tilfellet, ville ordninga aldri funnest. Etter kvart er ekteskapet blitt instrument for litt av kvart, ikkje minst til å halda kontroll med seksuallivet (særleg for kvinner) og med det halda orden på posisjon og arv.

Sjølv i eit liberalt samfunn som Noreg var ekteskap einaste arena for utfalding av lovleg seksualliv til langt inn på 50-talet. Her gjekk sekulært lovverk hand i hand med pietistiske, religiøse haldningar. I dag finn dei fleste slik haldning til seksualliv for kuriøs og forkasteleg. Ja, etter ein lang kamp, har også retten til seksualliv for homofile og lesbiske blitt ålment akseptert. Men så kom kravet om at likekjønna òg måtte aksepterast som ektepar på lik line med heterofile par. Men det er her den logiske bresten oppstår, av di lovgjeving ikkje kan endre biologien. Heilt ubunde av lovgjeving må det framleis ein mann og ei kvinne til for å skaffa avkom. Dermed oppstår paradokset at grunngjevinga for eit homofilt ekteskap er å «godkjenna» seksuallivet mellom likekjønna. Men tanken om slik «godkjenning» har vi alt lagt bak oss i vårt samfunn. Dermed blir ei lov som var meint som ei modernisering, i røynda eit langt steg attende til pietistisk tankegods.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement