For mjuk politikk?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

26. november skreiv Halvor Tjønn under overskrifta «Mjuk politikk i ei hard verd». Kva meiner han eigenleg, er det at Noreg no er meir truga av Russland enn tidlegare? – Difor treng landet ei omvurdering av tryggingspolitikken. Han knyter stoda vår til dei baltiske statane og Ukraina. Og «dei europeiske landa kan ikkje håpa at USA kjem for å ordna opp», seier han. Og «ordna opp» har amerikanarane gjort mange stader.

Men me kan då vel kjenna oss trygge, me som har amerikanarane i Finnmark. Og me har hjelpt dei med å spionera på den russiske nordflåten. Dei er heilt sikkert glade for å vera posisjonert i Finnmark, og den førre regjeringa gjorde ein avtale, der dei gjev amerikanarane tri flyplassar og eit område som basar. Og mannskapa skal vera under amerikansk jurisdiksjon.

At amerikanarane har posisjon i Finnmark, er ein parallell til då sovjetarane hadde etablert ein base på Cuba i 1962. Å få fienden so nære innpå seg kunne amerikanarane sjølvsagt ikkje tola; dei har jo sin Monroe- og Truman-doktrine. Dei sette hardt mot hardt, og Khrusjtsjov gjorde retrett. No har Russland amerikanarane plasserte på ein stad som er sentral for det russiske forsvaret. Halvor Tjønn meiner visst at dette nærværet ved grensene deira må russarane tola.

Då tyskarane stod i Kirkenes i juni 1940, vart det eit kjølig tilhøve mellom Sovjet og Tyskland, som hadde slutta ikkjeåtakspakt med kvarandre i august 1939. Stalin var uroleg for utviklinga og sette fram ynske til Finland om grenseflytting nær Leningrad. I forhandlingane, før det vart krig 29. november, minte dei finske forhandlarane Stalin om pakta med Tyskland: «Rådsunionen (Sovjetunionen) var för närvarande i ett gott förhållande til Tyskland. Men, sade Stalin: ‘Alt kan förändras her i världen.’» (frå Mannerheims Minnen).

Sju månader seinare (22. juni) gjekk Hitler til åtak (ogso frå Finland), og i oktober stod tyskarane utanfor Moskva.

USAs dominerer verda økonomisk. Med sin dollar råkar amerikanarane både fiendar og vener med sanksjonane sine. Men i dag er USA utfordra av Kina. Denne utfordringa møter USA militært, nett som ein møtte Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Sovjetarane hadde knust den tyske krigsmaskina, og landet var blodtappa og øydelagt. Kunne dei då tenkja gå til åtak mot Vest-Europa? – Amerikanarane stod med soldatar i Europa, landet deira var uskadd og krigsindustrien i topptrim. Og so var dei åleine om å ha atombomba.

Om nokon har truga verdsfreden, so er det USA. Kva vil Halvor Tjønn og andre seia til kronikkane til den svenske professoren Ola Tunander i Klassekampen 30. november og i Dag og Tid 3. desember? – Grensa mellom Noreg og Russland vart fastsett i 1826, og dei to landa har aldri vore i krig med kvarandre. Og Sovjet/Russland har ikkje vore interesserte i å hærtaka norsk territorium. Dette er det solide prov for.