Folkerett
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
24. februar 2022 blir ståande i europeisk historie som eit dystert minne om president Vladimir Putins vilje og evne til å knuse eit naboland.
Samtidig som vi blir fortvila over hundretals meldingar om russiske herjingar i Ukraina, ser vi eit bitte lite «lyspunkt»: Både statsminister Støre og utanriksminister Huitfeldt seier høgt og tydeleg at invasjonen er grove brot på folkeretten. Og det er ikkje berre ord. Noreg gjennomfører no kraftige sanksjonar mot Russland. Statsministeren lovar i tillegg handfast og allsidig hjelp til Ukraina. Alt dette er gledeleg.
Da blir spørsmålet: Korfor reagerer ikkje regjeringa med handling når statar og sivilbefolkning utanfor Europa blir ramma av like grove brot på folkeretten? Vi skal nøye oss med nokre eksempel frå åra etter at Russland annekterte Krim-halvøya:
Frå 2016 og til i dag har Tyrkia gjennomført tre invasjonar i Syria. Tyrkia okkuperer no syrisk jord langs om lag halvparten av grensa mellom dei to landa. Tyrkiske åtak mot landsbyar utanfor dei okkuperte områda er daglegdags. Fly, dronar og artilleri.
I april 2021 starta Tyrkia ein ny offensiv lengst nord i Irak. Same oppskrift som i Syria: Fly, dronar og bakkestyrkar for å utvide dei områda som Tyrkia frå før okkuperte i Irak. For ikkje lenge sidan bomba Tyrkia dessutan Sinjar, jezidiane sitt område i Irak. Sjukehuset som vart øydelagt, ligg hundre kilometer frå den tyrkiske grensa. Fire helsearbeidarar mista livet.
I Irak og Syria fører Tyrkia krig for å fordrive befolkninga som bur nær dei okkuperte områda. I Afrin – lengst nordvest i Syria – har Tyrkia jaga titusentals kurdarar frå hus og heim. Okkupasjonsmakta har selt eller gitt bort dei «ledige» husa til ikkje-kurdiske innflyttarar frå andre delar av Syria.
Russlands president Putin og Tyrkias president Erdogan fører krig for kvar sine stormaktsdraumar. Begge bryt folkeretten. Begge invaderer naboland. Og berre så det er sagt: Dei er ikkje aleine. Heilt sidan staten Israel vart oppretta på palestinsk jord i 1948, har Israel brote folkeretten med invasjonar, okkupasjon og apartheid-politikk.
Vi forventar at statsministeren og regjeringa no viser handling mot brot på folkeretten, uavhengig av kven forbrytaren er.