JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Folkens, vi lever i moderne samfunn!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3671
20230714
3671
20230714

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Filosofi

Det er mange måtar å vere norsk på. Vi treng ikkje like brunost eller gå rundt juletreet. Men dagens norske samfunn er eit moderne samfunn, mellom anna ein moderne rettsstat, der vi skil mellom privatliv og offentlege verv: Sit vi i ein opptakskomité for offentlege utdanningsinstitusjonar, skal vi behandle alle likt, også onkelens barn. Noko anna ville vere nepotisme og korrupsjon. Blir det vanleg, vil det bryte ned den rettsstatlege institusjonen.

Kort sagt, det er eit skilje mellom privatliv og offentlege verv, med tanke på roller og normer – til skilnad frå eit klansamfunn der onkelens barn får forrang.

Tilsvarande skil vi, i moderne samfunn, mellom privatliv og yrkesliv: Vi skil mellom helsepersonell og pasientar, mellom trafikkpoliti og trafikantar, mellom konduktør og passasjer. Vi skil mellom ulike institusjonar, kvar med sine roller og normer, kompetansekrav og identitetar. Ofte markerer vi skilnaden ved særeigne uniformer eller andre synlege markørar. Det synleggjer ulike roller, med ulike kompetansekrav og identitetar.

Så kanskje kunne vi også markere skilnaden i rollene som lærar og elev, til dømes med ein L på lærarane og ein E på elevane!

Uansett, i moderne vitskapsbaserte samfunn med eit mangfald av institusjonar, som dagens norske samfunn, går vi alle inn og ut av ulike institusjonar, med ulike roller og normer, og ulike identitetar. I slike moderne samfunn har vi ikkje berre éin identitet, men mange.

Den som ikkje har fått med seg dette, men som insisterer på ein eller annan spesiell kulturell, etnisk eller religiøs identitet, som om den skal overstyre alle moderne institusjonar, den personen har ikkje fått med seg kva eit moderne samfunn går ut på, og vedkommande er dermed utilpass i eit slikt samfunn.

Det at somme kan ha sterke emosjonar knytte til slike førmoderne oppfatningar av identitet, endrar ikkje på det forhold at dette ikkje passar inn i moderne samfunn.

Sjølvsagt, det kan vere alskens utfordringar når personar med bakgrunn i institusjonsfattige samfunn skal tilpasse seg eit moderne samfunn som det norske, med eit mangfald av institusjonar. Gjensidig forståing og gjensidig læring kan då vere viktig, her som elles i menneskelivet. Men grunnleggande sett er det her ingenting å forhandle om: I moderne samfunn må vi alle lære å forhalde oss til ulike institusjonsspesifikke roller og identitetar.

I praksis kan det saktens vere graduelle overgangar. Men det grunnleggande poenget er at haldningar og handlingar som er funksjonelle i samfunn med svak institusjonell differensiering, ofte blir dysfunksjonelle i moderne samfunn med eit mangfald av ulike institusjonar. Spissformulert: anten roller og livsformer som høver i samfunn med svak institusjonell differensiering, eller roller og livsformer som høver i moderne samfunn med eit mangfald av institusjonar! Vi kan ikkje spele ludo og sjakk samtidig.

Til ettertanke, på bakgrunn av debatten om handhelsing: Kan ein muslimsk mann bli gynekolog? Ja, kan ein muslimsk mann gjennomgå eit medisinstudium, og seinare praktisere som allmennlege, utan å ta på kvinnehud – og ikkje berre på hendene? Og gjeld dette også tannlegar – ja, helsepersonell generelt? Kanskje også brannfolk, vektarar og politi i kriseoppdrag – eller berre det å leie ei gamal dame over vegen? Eller er det rett og slett slik at førmoderne skrifter ikkje alltid gir ei gangbar rettleiing for korleis vi skal te oss i moderne vitskapsbaserte samfunn med eit mangfald av institusjonar og gjeremål?

Gunnar Skirbekk er professor i vitskapsfilosofi ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi kan ikkje spele ludo og sjakk samtidig.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis