Digitalisering
Folkehelseundersøking utan eldre
FHI gjennomfører ulike folkehelseundersøkingar i Noreg digitalt.
Foto: Jan Langhaug / NTB
Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører ulike folkehelseundersøkingar i Noreg. Dei er alle digitale. Er du ikkje på nettet, vert du ikkje spurd.
Vi vert fortalde: Resultata vil syne korleis det står til med helse, trivsel og livskvalitet hjå den vaksne befolkninga i Vestland.
Nei, det vil dei ikkje. Når meir enn 600.000 (12–13 prosent av folketalet over 18 år) i landet ikkje vert spurde, og desse representerer ei gruppe dominert av eldre og skrøpelege, får undersøkinga redusert verdi og er såleis villeiande.
Dei seinaste åra har det vore aukande merksemd knytt til utestenging, einsemd og isolasjon og kva dette gjer med oss, ikkje minst i alderdommen. FHI, institusjonen som skal vake over helsa vår og gje oss kunnskapsbaserte råd, signaliserer nok ein gong at det er greitt at store grupper vert fortalde at utan digital kompetanse er du ikkje verd å bli rekna med. Du får sitje der med helseproblema dine, med angst og einsemd, smerte og sakn, FHI bryr seg ikkje.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.