Havnæringa
Fiskerinæringa sitt sameksistensparadoks
Ein flytande vindturbin på METCentre utanfor Haugesund.
Foto: Carina Johansen / NTB
Det blir ein krevjande jobb å ivareta fiskerinæringa i tida som kjem, dersom ein i kampen om havareala skal legge så lite vekt og verdi på fiskeria som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har valt å gjere i den siste konsekvensutgreiinga for havvind.
Fiskebåt – organisasjonen for havfiskeflåten – stiller spørsmål ved om dette er ei medviten handling frå NVE si side. Er det i staden samarbeidet med havvindnæringa sine bransjeorganisasjonar som skal sikre sameksistens med fiskerinæringa i den norske utbygginga av havvind? Det vil vere eit stort ansvar å legge over på to næringar som konkurrerer om knappe arealressursar til havs.
Regjeringa har i næringsplanen sin for norske havområde fastsett at det særleg skal takast omsyn til viktige gyte-, oppvekst- og vandringsområde, og til sentrale fiskefelt, når det skal takast avgjerder om arealbruk i havområda. Statsminister Jonas Gahr Støre og fleire fiskeriministrar har uttalt at fiskeria ikkje skal fortrengast frå sine område når det skal byggast ut vindkraft til havs. Dette var ei viktig og etterlengta avklaring for fiskerinæringa.
Den strategiske konsekvensutgreiinga som no er lagd fram, skapar tvil om dette faktisk blir fylgt i praksis av regjeringa sine underliggande direktorat.
Petroleumsnæringa blir vekta særleg høgt. Verdiskaping og statlege inntekter vert tungt vektlagde, utan at dei negative sidene deira med høge klimagassutslepp, er med i berekninga. Fiskerinæringa vert sett til ein lågare verdi for samfunnet, trass i at ho er fornybar og skal levere sunn og klimavennleg mat til verda langt inn i framtida.
Framstillinga gjer at fiskerinæringa si betydning i enkelte av utgreiingsområda framstår som uvesentleg, og difor lettare kan overkøyrast. Dette reagerer ikkje berre fiskerinæringa på, men òg Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.