Fiskerihistorie og finansiering
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 15. oktober skriv Morten A. Strøksnes ein kommentar om boka Den nye fisken. Til sist i kommentaren sin, «Fisken som korrumperte Noreg», tek han for seg band V om den norske oppdrettsnæringa i verket Norges fiskeri- og kysthistorie I–V. Strøksnes skriv: «...skilde siste bandet seg negativt ut i det som elles var eit praktverk. Kan du gjette kva dette bandet handla om? Nettopp, boka om oppdrettseventyret var sponsa av oppdrettskonserna og organisasjonane deira. Her kan du tru det er mykje snakk om lakseeventyr.» Strøksnes vil med dette kanskje meine at band V ikkje held mål på linje med dei andre banda som følgje av finansieringa.
Til opplysing av saka kan det vere nyttig å sjå korleis verket vart finansiert.
Arbeidet med oppdrettshistoria tok til før arbeidet med resten av verket. Etter kvart tok Museum Vest/ Norges fiskerimuseum ansvaret for arbeidet. For i det heile å kome i gang fekk initiativtakarane noko stønad frå selskap i næringa, til saman kring 800.000 kroner.
Etter at arbeidet med fiskerihistoria kom i gang i 2009 og ein fast organisasjon og arbeidsplan kom på plass, vart det gjort avtale om at oppdrettshistoria skulle gå inn som band V i verket. Når det gjeld finansieringa, er ho kort fortalt slik: Band V, 5 millionar kroner. Av dette kom 2 millionar frå Fiskeridepartementet og 3 millionar frå næringsorganisasjonar, medrekna bidraga som er nemnde. For dei fire andre banda, 22 millionar kroner – 8 frå Fiskeridepartementet og 14 frå fiskerinæringa sine organisasjonar, bankar på kysten og sjøtrygdelag. I bidraget frå departementet er det rekna med litt frå Innovasjon Norge. Dette syner at både band V og resten av verket vart finansiert med 60 prosent private midlar og 40 prosent offentlege midlar.
Det kan difor vanskeleg hevdast at finansieringsforma har påverka det eine bandet meir enn dei andre. Realiteten er at dersom ikkje næringa og Fiskeridepartementet hadde stilt opp, ville det ikkje ha vore mogeleg å realisere dette første store verket om norsk fiskeri- og kystkultur. Førsteamanuensis Nils Kolle har vore hovudredaktør for verket.
Det høyrer òg med til historia at med unnatak av to fagpersonar, marinbiologane og professorane Dag Møller og Gunnar Nævdal frå Havforskningsinstituttet og Universitetet i Bergen, er alle forfattarane i band V også medforfattarar i fleire av dei fire andre banda.
Til orientering vart prosjektet avslutta med eit band på engelsk, Fish, coast and communities. A history of Norway, i 2017.