Fiskeranet
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kommentar til «Nordnorsk folkevandring» i Dag og Tid nr. 28–30:
På søk etter årsaker til fråflytting frå nord blir mange ting nemnde, mellom anna generell global urbanisering, og at Nord-Noreg er Noregs perifere periferi – så sant så sant. Men la oss sjå kva som har hendt i Nord-Noreg. Politikarane har famla. Ingen har sett dette klårare og tala denne saka tydelegare – diverre for døve øyre – enn Ottar Brox.
Ingen fylke i Noreg har så rike naturressursar som Nordland, Troms og Finnmark. Men kva hjelper det når styresmaktene har ført ein politikk som har enda med noregshistorias desidert største ran, som har teke livsgrunnlaget frå folket i nord:
Fisken som er det norske folks felleseige, er rana frå dei. Dette er hovudgrunnen til folkevandringa frå nord.
På forunderleg vis har storkapitalen fått frie hender til å styra fellesskapets ressursar som om det var fritt fram. Dei har fritt fått samla store mengder kvotar på få hender. Så i dag disponerer den store havgåande flåten nær halvparten av den norske fisken. Alt dette utan heimel i norsk lov.
Noreg har i utgangspunktet kollossale fiskeressursar. Det er estimert at om me hadde drive eit meir miljøvennleg fiske, kunne me teke på land seks gonger så mykje fisk som me tek opp i dag.
Staten må vera seg sitt ansvar bevisst og ta styring med desse store fellesressursane til beste for folk og land. Desse «evigvarande» ressursane må i høgste grad forvaltast på ein forsvarleg berekraftig måte, så dei kan koma alt folket til gode.
Det er svært ressursøydande og ressursøydeleggjande, for ikkje å snakka om fordyrande, å gå langt til havs med dei største og dyraste båtane som finst, og sopa opp fisken i oppvekstområdet til fisken, når ein veit at ein kan ta fisken under kysten når han som vaksen kjem inn for gyting.
Det er også ganske miljøstridig å subsidiera drivstoffet til desse store båtane, som brukar fem til seks gonger så mykje diesel per kilo fanga fisk som det sjarkane brukar.
Her ventar ei kjempeoppgåve på handlekraftige politikarar. Det første som må gjerast, er avvikling av kjøp og sal av fiskekvotar.