Fir vegar til eit reinare havPlastureiningMartin AlvsvågEin skulle tru at om ein ønskjer seg eit reinare hav, er det naturleg å prøva å reinsa havet. Er bilen skiten, så vaskar ein jo bilen. Når det gjelder havet, er det likevel meir komplisert. Mesteparte
Det er med sjølve bosshandteringa vi må starta, skriv Martin Alsvåg. Slik kan stranda i Mumbai, India, til dømes sjå ut.
Foto: Rafiq Maqbool/AP/NTB scanpix
Ein skulle tru at om ein ønskjer seg eit reinare hav, er det naturleg å prøva å reinsa havet. Er bilen skiten, så vaskar ein jo bilen. Når det gjelder havet, er det likevel meir komplisert. Mesteparten av plasten søkk nemleg til botnars når han blir utsett for naturkreftene, og blir dermed etter kvart utilgjengeleg for oss. Heldigvis fins det betre vegar til eit reinare hav.
1. Betre handtering av avfallet. Mange land har ei handtering av avfallet som ikkje fungerer. Grunnane kan vera fleire, men fattigdom og for mange folk er vanlege årsaker, som i Bangladesh og Vietnam. Det er med sjølve bosshandteringa vi må starta. Det nyttar ikkje å samla plast i tonnevis dersom ein ikkje har eit system for gjenvinning og forsvarleg forbrenning. I Norge fins det mykje kompetanse på dette feltet. Vi treng no ein eksport av denne ekspertisen til land med ein infrastruktur som ikkje fungerer.
2. Reinsing av elvar. Mange elvar er så fulle av plast at ein ofte ikkje ser vatnet for berre søppel. Alle som har reist en del har sett dette. Ein kan finna elvar fulle av plast i Sør-Amerika, Afrika og i Aust-Europa. Aller størst er utfordringane i Asia, i land som Filippinane, Vietnam, Kambodsja, Indonesia, Thailand. Mange i denne regionen ventar berre på at monsunen skal komma og vaska plasten nedover elva og til slutt ut i havet.
3. Panteordningar. Det vert i dag jobba internasjonalt med å få på plass betre panteordningar for brukt plast. Dette arbeidet bør prioriterast og intensiverast. Plast i naturen er ressursar på avvege. Vi skal hugsa at prisen på plast stort sett følgjer oljeprisen, og slik sett har ein reell verdi.
4. Kunnskap. Der eg vaks opp, på Rubbestadneset på Bømlo, hadde vi ein plass vi kalla «tippen». Der vart det tømt boss frå både private og bedrifter. Når haugane på tippen vart store nok, kom det ein hjullastar og skubba søpla rett ut i sjøen. Dette var på byrjinga av 70-tallet! Ein helt utenkjeleg praksis i dag – her hos oss. Men det er dessverre nett slik bosset vert handtert mange stader framleis. Å byggja opp kunnskap og ei djupare forståing handlar om at drikkevatnet skal kunna drikkast utan risiko, at ungane skal verta mindre utsette for sjukdomar og utslett, at ein får reinare vatn til å vatna avlingane sine, at fisken kjem tilbake i elva. Reinare vatn kjem ikkje av seg sjølv. Vi må jobba knallhardt for at folk over heile kloden skal gjera den same kunnskapsreisa vi har gjort hos oss dei siste 50 åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.