Finst samane?UrfolkJon TodalKautokeinoI Dag og Tid for 2. mars hadde Unni Jakobsen ein kommentar til korleis avisa hadde omtala teaterstykket om Snøfrid Svåsesdotter, eit stykke som det samiske nasjonalteatret Beaivváš har reist på turné med i vinter. Teat

Harald Hårfagre møter Snøfrid Svåsedotter på eit frimerke frå 2008.
Harald Hårfagre møter Snøfrid Svåsedotter på eit frimerke frå 2008.
Publisert

I Dag og Tid for 2. mars hadde Unni Jakobsen ein kommentar til korleis avisa hadde omtala teaterstykket om Snøfrid Svåsesdotter, eit stykke som det samiske nasjonalteatret Beaivváš har reist på turné med i vinter. Teatertykket dramatiserer forteljinga om kjærleikstilhøvet mellom den norske kongen Harald Hårfagre og den samiske kvinna Snøfrid. Snorre Sturlason fortel om Snøfrid og Harald i Heimskringla, og her nemner Snorre òg namnet på dei fire sønene som dei to hadde i lag. Historieboka Ågrip, som er eldre enn Heimskringla, fortel den same soga. Der Snorre berre omtalar far til Snøfrid, Svåse, som «finn», omtalar Ågrip han i tillegg som «finnekonge».

I kommentaren i Dag og Tid avviser Unni Jakobsen kontant at det gammalnorske ordet «finn» tyder «same». Og Svåse var ikkje same, skriv ho, men skatteoppkrevar!

Så langt vi veit attover i tida, har ordet «finn» i norske dialektar vore brukt om samane. Det er heilt vanleg i nordnorske og trønderske dialektar enno i dag å omtala reindriftssamane som «fjellfinnar» og kystsamane som «sjøfinnar». Det finst ingen god grunn til å tru at nordmenn i mellomalderen meinte noko anna enn same når dei kalla nokon «finn». I tillegg til at både Ågrip og Heimskringla kallar Svåse «finn», tillegg dei han òg andre samiske kjenneteikn. Svåse budde i gamme, og han var trolldomskunnig.

I vår tid har vi i skriftspråket brote tradisjonen med å skrive «finn» og byrja å bruke ordet «same» om samar. Dette tradisjonsbrotet er etter mi meining positivt, sidan ordet «same» i norsk er laga av samane sitt namn på seg sjølve, eit namn som er i levande bruk blant samar frå Kvitesjøen i Nordvest-Russland til Femunden i Sør-Noreg. Å kalle folk det dei vil kalle seg sjølve, er å vise respekt.

Kvifor avviser da Unni Jakobsen at samane før vart kalla finnar? I Nord-Noreg har vi ein organisasjon som kallar seg EDL. Denne organisasjonen er mest kjend for gjennom tallause avisinnlegg å hevde at samane eigentleg ikkje finst, det samiske folket er berre eit moderne politisk påfunn. Når Unni Jakobsen kategorisk avviser at det gammalnorske ordet «finn» betyr «same», går dette rett inn i EDL-tankegangen. Å innrømme at dei gamle nordmennene kalla samane for «finnar», vil vera å innrømme at samane fanst. Difor gjer Unni Jakobsen Svåse til norsk skatteoppkrevar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement