Innlegget mitt i Dag og Tid 13. august har ført med seg to nye innlegg om Finland, som av fleire grunnar er eit svært interessant land. Aasulv Edland (Dag og Tid 20. august) fortel om innføring i finsk historie, på kurs i Finland. Landet har ei svært dramatisk historie.
Russel Kristiansen (Dag og Tid 27. august) peikar på ein feil i innlegget mitt: at Viborg ikkje gjekk tapt i fredavtalen etter Vinterkrigen. Dette var ei setning eg fann i kjelder eg søkte, som må gjelda det sovjetiske kravet før det vart krig. Dette har ført til ei misforståing.
Kristiansen mistenkjer meg for å ha «en finurlig forståelse» av saka. Eg har aldri noko anna ynske enn å bera fram røyndom og sanning i det eg skriv. Og framstillinga åt Mannerheim og meiningane hans skil seg frå det ein vanleg får høyra om Finland.
Om ein skal tenkja kontrafaktisk historie, kan ein spekulera i korleis det hadde vorte dersom den finske regjeringa hadde fylgt rådet frå Mannerheim. Då hadde det ikkje vorte nokon «vinterkrig». Men Hitler stod i Kirkenes, ved inngangen til Russlands svake punkt, so åtaket på Sovjetunionen var nok noko han hadde hatt i tankane lenge, jamfør Mein Kampf. No hadde han ein god utgangsposisjon. Å få Russland som matkammer for Tyskland høyrde med i Hitlers draum om det tyske tusenårsriket.
Eg var 12 år i 1940, og eg hugsar godt Vinterkrigen. Finland fekk stor sympati og vart ovundra for sin heltemodige kamp mot ein overmektig fiende, og Sovjet vart sterkt fordømd.
Eg fylgde engasjert med vidare i krigen. Det såg lenge svært mørkt ut: Frankrike kapitulerte, og tyskarane vann herredømet heilt til Middelhavet. Og i oktober 1941 stod dei utanfor Moskva, og seinare sigra Japanarane i Stillehavet. Ogso eit barn kjende dette nedslåande, men me kunne aldri få oss til å tru at tyskarane skulle sigra til slutt. Og det vart med stor glede me flytte knappenålene på tråane som viste frontlinene i Russland då tyskarane vart drivne attende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.