Fidel Castros løgnerCubaJan Jørgen SkartveitOsloMange nordmenn er ikkje kritiske nok til Castro-regimet. Cuba-forskar Vegard Bye aksepterer i nekrologen om Fidel Castro i Dag og Tid 9. desember mange av Fidels løgner.
Fidel Castro medan han framleis var president på Cuba.Fidel Castro medan han framleis var president på Cuba.
Foto: Charles Tasnadi / NTB scanpixFoto: Charles Tasnadi / NTB scanpix
Mange nordmenn er ikkje kritiske nok til Castro-regimet. Cuba-forskar Vegard Bye aksepterer i nekrologen om Fidel Castro i Dag og Tid 9. desember mange av Fidels løgner.
Cuba byrja ikkje på år null i 1959. Cuba var avanserte økonomisk, teknologisk, sosialt og politisk samanlikna med andre land i Latin-Amerika og Karibia. Cuba var i 1958 blant dei rikaste spansktalande landa. Landet hadde i 1958 den tredje høgaste inntekta per innbyggjar blant spansktalande land. Med 6,5 millionar innbyggjarar hadde Cuba verdas 29. største økonomi. Like eins som no i 2017, så hadde Cuba i 1958 store sosiale skilnader mellom fattige og rike. Ein middelklasseelite som var økonomisk og teknologisk produktiv, blei med revolusjonen erstatta av ein annan elite, som har vore økonomisk og teknologisk uproduktiv. 57 år med vanstyre, nepotisme, korrupsjon, einsretting og undertrykking har gjort Cuba til det u-landet det i latinamerikansk samanheng ikkje var før revolusjonen.
Det er òg løgn at Castro har skapt ein «framifrå» velferdsstat på Cuba. Landet hadde eit betre grunnlag innan helse og skule enn andre land i Latin-Amerika. Cuba nytta røntgen ved sjukehus allereie i 1907. Ifølgje FN hadde Cuba i 1955 nest lågast dødelegheit for born (33,4 for kvar 1000), nest lågast analfabetisme (23,6 prosent) og best tilgjenge for medisin i spansktalande land.
Cuba har i dag er eit A-helsevesen for eliten og utlendingar som kan betale for seg. Vanlege cubanarar har eit B-helsevesen med lågare standard, som manglar grunnleggjande basisvarer, som såpe. Ute i distrikta langt frå Havanna er standarden mykje dårlegare enn i sentrale område. Lækjarane Amauris Samartino og Ricardo Enrique Silva Gual stadfestar at regimet juksar med offentlege opplysningar om helse, blant anna når det gjeld dødelegheit for born og abort. Tala frå FN som Bye siterar er diktaturet sin eigen statistikk, og er ikkje kontrollerte av kritisk forsking.
Fidel Castro skapte ikkje eit berekraftig økonomisk grunnlag for staten sin velferdspolitikk. Retorikken handla om nasjonalt sjølvstende. I røynda gjorde vanstyre Cuba avhengig av økonomiske velgjerarar som Sovjet og seinare Venezuela. Subsidiar frå dei to landa gjorde det mogleg i periodar å framstille Cuba som eit føredøme innan helse.
Propagandageniet Fidel Castro har hindra befolkninga på Cuba i å konfrontere regimet med løgner og brotne lovnader ved brutal undertrykking av meiningsmotstandarar. Nabolagskomitear, informantar, politisk politi og vilkårleg rettsvesen har siste tiåret likevel ikkje skremt uavhengige journalistar, menneskjerettsaktivistar, forkjemparar for uavhengige bibliotek og frie fagforeiningar, politiske opposisjonelle og andre representantar for eit reelt sivilt samfunn frå å bryte informasjonskontrollen til det totalitære regimet. Dei blir framleis trakasserte av det politiske politiet sjølv eller mobb det politiske politiet i lag med nabolagskomiteane organiserer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.