JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Feil om skogreisinga

Der Håkon Dag Sørland ser for seg dei enorme problema som plantinga førte med seg, ser eg ei suksesshistorie som kan bli verkeleg stor i samband med det grøne skiftet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dersom driftskostnadene er større enn tømmerverdien, blir det ikkje hogst, skriv Hans Lauvstad.

Foto: Stian Lysberg Solum

3919
20240216
3919
20240216

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Granplanting

Jon Naustdalslid skriv i Dag og Tid 22. desember i fjor om granplantinga på heimegarden og i kyststroka elles. Han skriv balansert om konsekvensar av plantinga, og ikkje minst at det er mange føresetnader som kan forandre seg frå ein plantar til ein skal hauste kring 70 år seinare.

I Dag og Tid 19. januar tek Håkon Dag Sørland føre seg det han kallar «dei enorme problema som plantinga førte med seg».

Sjølv har eg arbeidd i skogoppsynet i same fylke som Naustdalslid og Sørland kjem frå, Sogn og Fjordane, i tett på 20 år, og meiner å kjenne skogbruket der godt.

Feil om forteneste

Mykje av det Sørland skriv, bør korrigerast. Det grovaste, der det han skriv er direkte feil, og som ikkje bør stå uimotsagt, er utsegna: «Ingen skogeigar kan drive ut skogen med forteneste. Verdien av skogen dekker berre halvdelen av kostnaden med granhogsten. Staten betalar resten.»

Slik er det ikkje. Det er salsverdien av tømmeret som dekker driftskostnadene. For at skogeigaren vel å hogge, må det også vere ein netto til skogeigaren. Dersom driftskostnadene er større enn tømmerverdien, blir det ikkje hogst. I svært vanskeleg terreng, oftast der det må brukast taubane, gjev staten tilskot som gjer at skogeigaren sit igjen med eit overskot, stort eller lite. Grunngjevinga for slik bruk av offentlege pengar er at dette råstoffet, ved foredling og andre ledd i verdikjeda, gjev ein verdi som er større enn den offentlege pengebruken.

«Tilveksten er høg og aukande.»

Speler ei rolle i det grøne skiftet

Men for å gå over på det som er viktigast for meg, og som peikar framover: Kva rolle vil granskogen, og skog i det heile, få i det grøne skiftet?

Den planta grana er resultat av Skogreisinga, som blei sett i verk for 70 år sidan. 70 år er ei god omløpstid for gran på god mark. Hausting av hogstmogen skogreisingsgran er godt i gang, og vil kunne aukast og halde fram i mange tiår framover. Planteaktiviteten var høg ein lang periode på 50-, 60- og 70-talet. CO2 er teke frå lufta og bunde og lagra i granstammer, kvist og nåler, røter og skogbotnen. Det er no store mengder grønt karbon lagra på desse areala. Me kan i alle høve nytte dei overjordiske delane av trea. Tilveksten er høg og aukande.

Der Sørland ser for seg dei enorme problema som plantinga førte med seg, ser eg ei suksesshistorie som kan bli verkeleg stor i samband med det grøne skiftet.

Frå svart til grønt karbon

Skogbruket i landet, der det vert hausta berre kring 60 prosent av tilveksten, står for karbonfangst med lagring, som årleg netto tek opp og lagrar litt meir enn halvparten av utsleppa i Noreg, medrekna utslepp frå oljeaktiviteten. Grønt karbon som kan erstatte det svarte karbonet som me skal gjere oss uavhengige av.

Ulempa er at vi må hauste av den hogstmogne skogen, og med det redusere lageret noko og få nedsett karbonbinding på dei hausta areala for ein kortare periode. Botemiddelet mot det er å sette areala i produksjon att, slik skogbrukslova krev, så snart som mogleg etter hogst. I tillegg kan me ta i bruk nye areal for å auke skogproduksjonen. Skogreisingsplanar og tiltaksplanar frå ei tid tilbake viser at me har mykje areal som er eigna for treslagsskifte som vil føre til auka luftreining og auka produksjon og lagring av grønt karbon.

Eg vil driste meg til ein spådom om framtida: I perioden me no så vidt har byrja på, det grøne skiftet, vil grønt karbon i form av trevirke bli godt betalt. Kanskje skogbruket i tillegg får betalt for kvart tonn CO2 som årleg vert bunde i skogen i Noreg i form av oppspart tilvekst. Prisen bør vere i nærleiken av kvoteprisen ved utslepp av CO2.

Skogbruksnæringa med sine organisasjonar er lite å sjå i spørsmål som gjeld det grøne skiftet. Er det på tide å koma fram?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis