Feil om kromosomavvik
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I artikkelen «Privatiserer fostertestar», som stod på trykk i førre nummer av Dag og Tid, skreiv eg at fostertesten NIPT mellom anna kan avdekkje «såkalla trisomiar, som Downs syndrom, Edwards syndrom og Patau syndrom, og andre kromosomavvik, som medfører alvorleg sjukdom». Som ein lesar har påpeika, vart denne formuleringa feil, fordi ho òg karakteriserer Downs syndrom som ein alvorleg sjukdom. Det det skulle ha stått, var at «testen kan mellom anna avdekkje såkalla trisomiar som Downs syndrom og dei alvorlege Edwards syndrom og Patau syndrom, eller andre kromosomavvik som medfører alvorleg sjukdom».