Feil om Den Nationale SceneDEN NATIONALE SCENEKari Gaarder LosnedahlBergenI Dag og Tid 7.–13. april under «Feil om Den Nationale Scene» står det: «Den Nationale Scene vart bygd i 1876, som vi skreiv, men dette var ein annan bygning – Det Gamle Teater på En

Den Nationale Scene er ei av tre norske hovudscener.
Den Nationale Scene er ei av tre norske hovudscener.
Publisert

I Dag og Tid 7.–13. april under «Feil om Den Nationale Scene» står det: «Den Nationale Scene vart bygd i 1876, som vi skreiv, men dette var ein annan bygning – Det Gamle Teater på Engen – som brann ned etter eit bombeåtak i 1944.» Rett nok opna DNS i denne bygningen i 1876, men sjølve bygningen var mykje eldre, reist av Det dramatiske Selskab i Bergen i 1800. Det opphavlege namnet var Komediehuset. Selskapet var privat og medlemmene spela for kvarandre. Etter nokre tiår leigde danske profesjonelle skodespelarar teateret, til Ole Bull i 1850 opna Det norske Theater med berre norske skodespelarar, alle heilt utan erfaring, og scenespråket skulle vera norsk. Det var ikkje mykje på landsmål, rett nok, men i sesongen 1853–54 spela Johannes Brun, han skulle bli ein av dei mest namngjetne skodespelarane i siste halvdel av 1800-talet, Jeppe på sognedialekt. Til dette teateret kom Henrik Ibsen; allereie hausten 1851 fekk Ole Bull hanka inn den unge Ibsen, og desse åra ved teateret i Bergen, 1851 til 1857, vart skilsettande for Ibsen. Han fekk mange oppgåver ved teateret, blant anna som instruktør og dramatikar, heile fem skodespel fekk han oppført i desse åra; han lærte teateret å kjenne som praktisk teatermann, men sjef var han aldri i Bergen. Etter han kom Bjørnstjerne Bjørnson. Han var ved teateret i to år. Det norske prosjektet som dette teateret starta, påverka dei andre teatera i landet (Christiania, Trondhjem), men utan offentleg stønad gjekk det konkurs i 1863. Danskar tok igjen over scena. Tanken om eit norsk teater sleppte likevel ikkje taket på bergensarane, og i 1876 blei det «gjenopna» i same bygning, no som Den Nationale Scene. Då DNS fekk ny bygning i 1909, blei Komediehuset kalla Det Gamle Teater.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement