Feil om Barentshavet frå Dag og TidOljeTerje SøviknesOsloDag og Tid omtalar 24. mars regjeringa si satsing på petroleumsverksemd i Barentshavet som norsk rulett. Eg vil seie tvert om: Det å ikkje utnytte dei store verdiane på norsk sokkel og det å endre sk
Helikopterlanding på Goliat-plattformen i Barentshavet.
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix
Dag og Tid omtalar 24. mars regjeringa si satsing på petroleumsverksemd i Barentshavet som norsk rulett. Eg vil seie tvert om: Det å ikkje utnytte dei store verdiane på norsk sokkel og det å endre skattesystemet for oljeselskapa er å spele rulett med finansieringa av velferdsstaten.
Det er feil at vi i 24. runde går lenger nord og aust enn tidlegare. Insinuasjonar om at vi ikkje tar omsyn til havmiljøet, er også galne. Forslaget er fullt ut i tråd med rammene Stortinget har lagt for petroleumsverksemd i Barentshavet.
Dag og Tid hevdar også at det er dyrt å produsere olje frå Barentshavet. Sanninga er at forholda i vår del av Barentshavet ikkje er særleg meir krevjande enn på andre delar av norsk sokkel. Difor er heller ikkje kostnadsnivået særleg annleis. Snøhvit skapar allereie store verdiar til samfunnet. Kor lønsam Goliat blir, vil framtida vise. Castberg-utbygginga er lønsam med oljeprisar langt, langt under dagens nivå. I tillegg er utbyggingsløysing for Alta/Gotha og Wisting under arbeid.
I Barentshavet er det påvist over to milliardar fat olje og gass sidan 2000. Oljeselskapa ønskjer å bruke eigne ressursar på å leite i Barentshavet fordi dei meiner dei vil tene på det. Det er dei som best er i stand til å vurdere lønsemda ved leiting, utbygging og drift. Skattesystemet vårt er utforma slik at alle avgjerder som er lønsame for samfunnet, også er lønsame for oljeselskapa. Dette er ei rollefordeling og eit forvaltningssystem som fungerer godt. Eitt døme er Johan Sverdrup, eit av dei største oljefunna på norsk sokkel. Berre i fyrste fase gir utbygginga meir enn 50.000 norske arbeidsplassar.
Det er dette forvaltningssystemet som gjennom åra har skapt verdiar for ufattelege 13.000 milliardar kroner frå petroleumsverksemda til norsk økonomi. Statens inntekter frå ordninga med SDØE (statens eigardel i oljefelt på norsk sokkel, red. merk.) og petroleumsskatt tilfører staten årlege inntekter i hundremilliardarklassa. Det er ingen grunn til at denne tilnærminga ikkje fungerer i Barentshavet.
Sjølv med svært låge oljeprisar er det inga anna næringsverksemd i Noreg som er i nærleiken av å skape like store verdiar til fellesskapet som petroleumsverksemda. Den representerer også om lag 200.000 arbeidsplassar i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.