Farvel til fredsnasjonen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
Per Anders Todal sin historiske analyse av Noreg som fredsnasjon var særs god og klargjerande for ein gamal fredsvenn.
Eg var av dei ein gong som tente landet med seksten månader sivilteneste, og løna mi gjekk til Unicef sitt barnefond. I mogen alder fekk eg klart for meg at pasifisme er godt meint, men dårleg tenkt. Eg bad difor om at Justisdepartementet førte meg tilbake til IR 16 stridande A i infanteriet. Eg fekk då eit lakonisk svar om at eg var den einaste i norsk historie som hadde gjort dette. Eg vart overført til sivilforsvaret og var tilfreds med det.
Noreg, ein nasjon med fem millionar innbyggjarar, er som ei fjør å rekne på det politiske verdskartet. I FN er ikkje Noreg anna enn ein rik, godtruen onkel som i årevis har nekta å ta inn over seg at FN er ein mastodont på leirføter.
FN vart skipa med eit formål, å føre vidare eit nytt og effektivt folkeforbund, med eit håp for eit globalt ordenspoliti, der sanning og rettferd skulle stå i høgsetet. I staden er organisasjonen sterkt prega av at langt dei fleste medlemslanda er undertrykkande diktatur som støttar seg på kvarandre utan blygsel. I dei siste åtte åra er Russlands argumentasjon i Tryggingsrådet eit døme på eit FN i krise. Utan ein effektiv reaksjon frå Nato-landa ville Ukraina ikkje vore ein sjølvstendig demokratisk nasjon i dag.
Korleis kan ein tru at FN skulle kunne gjere noko for å få slutt på terrorkrigen Russland fører mot ein nabo som berre ynskjer å få leve i fred med demokratiske rettar som vi i Noreg tar for sjølvsagde?
Noreg burde konsentrere seg om dei nordiske landa som nå snart er samla i Nato. Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg gjer nå ein langt viktigare innsats for vår vestlege demokratiske sivilisasjon enn det såkalla osloavtale-diplomatiet gjorde. Norsk diplomati innanfor FN er bortkasta. Ein bør rette all fokus mot vår demokratiske europeisk arv.
Per Anders Todal tar fram minnet om Bjørnson og Nansen i fredssamanheng. Eg vil minne om Henrik Wergeland, som i sitt dikt om fridom for prentekunsten stiller det enkle, men vektige spørsmål: «Hvor trives noget godt og skjønt/ og stort i tvang?» Og sluttar med orda: «Nei, presse, løft din sterke arm!/ befri allverden i din harm/ fra tvang!»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.