Farleg spel om militære basar

USAs chargé d’affaires Richard Riley og dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen etter signering av avtalen mellom Norge og USA i april i år.
USAs chargé d’affaires Richard Riley og dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen etter signering av avtalen mellom Norge og USA i april i år.

Kronikk

Kva er konsekvensen av den nye baseavtalen mellom USA og Noreg som den tidlegare regjeringa signerte i april? Lat oss først jamføre med nokre erfaringar frå den kalde krigen.

Publisert

President Ronald Reagans marineminister John Lehman fortalde den tysk-franske TV-kanalen Arte i 2015 at USA i 1980-åra aldri var redd for eit sovjetisk åtak: «Dei ville miste heile nordflåten sin på ei veke.»

Sovjetunionen hadde ikkje kapasitet til eit åtak. Dersom nokon hadde sagt dette då, hadde det blitt omtala som sovjetisk propaganda. USAs forsvarsdepartement viste til russisk kvantitativ styrke, men Moskva har alltid prøvd å kompensere lågare kvalitet med kvantitet. Marskalk Georgij Zjukov fortalde etter den andre verdskrigen at for kvar stridsvogn Tyskland mista, mista russarane fem. Russarane rekna med at dei måtte vere fem gonger sterkare for å vere i stand til å forsvare seg.

Russisk teknologi er meir avansert i dag, men ein har ikkje lenger det same kvantitative overtaket. Forsvarsbudsjettet til Russland er no berre ein tidel av USAs.

Autoritært og byråkratisk

Mange nordmenn har erfaring med eit autoritært, byråkratisk og juridisk komplisert Russland, men ikkje eit militært aggressivt Russland. Etter at Sovjetunionen i 1944–45 hadde sigra over tyskarane i nord og frigjort Finnmark, drog russarane tilbake trass i at Finnmark var viktig for forsvaret av Kolahalvøya. Forsvarsminister Jens Christian Hauge erklærte den 5. mars 1949: «Den [norske regjering] vil aldri tillate at norsk område blir brukt i [en politikk som har aggressive formål]. Den norske regjering vil ikke tiltre noen overenskomst med andre stater som innebærer forpliktelser for Norge til å åpne baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trusler om angrep.» For det andre måtte Nord-Noreg «få være i fred». Nord-Noreg (Finnmark) skulle vere ei «buffersone mellom Vesten og Sovjetunionen», ifølge Hauge.

Den 4. april slutta Noreg seg til Nato med desse reservasjonane. Noreg skulle både avskrekke Sovjetunionen frå å flytte fram militære styrkar og berolige Sovjetunionen, slik at ein intervensjon ikkje skulle oppfattast som nødvendig. Ein kunne ikkje akseptere amerikanske basar eller atomvåpen på norsk jord i fredstid. Russarane skulle forsikrast om at USA ikkje skulle kunne bruke styrkar i Noreg for å gå til åtak på Russland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement