Farleg å gløyme jødedommen i skolenReligionEspen Førre veke hadde Dag og Tid ein reportasje og ein kommentar om jødehat i Europa. Det er skakande lesing, og ein kan nesten ikkje fatte at det er mogleg. Likevel er det ikkje overraskande. Andre undersøkingar

Publisert

Førre veke hadde Dag og Tid ein reportasje og ein kommentar om jødehat i Europa. Det er skakande lesing, og ein kan nesten ikkje fatte at det er mogleg. Likevel er det ikkje overraskande. Andre undersøkingar dei siste åra, frå til dømes HL-senteret i Noreg, peikar i den same retninga. Antisemittismen står sterkt i Europa i dag, og da spesielt i ein del muslimske miljø og blant høgreekstreme.

Kva kan vi gjere for å stoppe denne skremmande utviklinga? Eg er ingen ekspert på området, og har heller ingen enkle svar, men vil likevel peike på noko frå min ståstad i den vidaregåande skolen. Som religionslærar er eg uforståande til at vi i dag kan velje å ikkje undervise i jødedommen. I dagens læreplan for faget religion, livssyn og etikk på vidaregåande står det at ein må undervise i kristendom og islam, og at den tredje religionen er valfri. Når eg pratar om dette med andre religionslærarar, er det sjeldan eg høyrer at jødedommen er ein av desse. Dette meiner eg blir feil, og med utviklinga i Europa i dag som bakteppe bør den feilen rettast opp når dei nye læreplanane trer i kraft neste år.

Årleg underviser eg i religionsfaget i studieførebuande klassar, og det er umogleg for meg å starte med kristendommen eller islam utan å ta utgangspunkt i jødedommen. Det er det fleire grunner til. Den viktigaste er at jødedommen er den første av dei monoteistiske religionane, og utan den jødiske arven er det vanskeleg å skjøne kva kristendom og islam er. Det er tette band mellom Tanakh, Bibelen og vidare til Koranen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement