Europeisk forsking og politikkEUPer Tore DalenNesoddenFolkerøystingane i 1972 og 1994 markerte tidsskifte i norsk politikk, seier redaktør Gjerdåker (Dag og Tid 16. februar). Då er det «paradoksalt», meiner han, at vi har så lite forsking på europeiske sp

Publisert

Folkerøystingane i 1972 og 1994 markerte tidsskifte i norsk politikk, seier redaktør Gjerdåker (Dag og Tid 16. februar). Då er det «paradoksalt», meiner han, at vi har så lite forsking på europeiske spørsmål. Han støttar difor krav om auke i løyvingane til dette. Men er det verkeleg dette som er paradoksalt? Eg vil tru mange av oss som sa nei, finn det store paradokset ein annan stad. Sanninga for oss er at vi ikkje fekk det tidsskiftet som vi hadde vona. Utviklinga har synt at vi er snytte for sigeren. På eit vis vi ikkje heilt kan forstå, har vi late det skje.

Det er gløymt no at det som skjedde, var eit folkeleg opprør mot ein politisk elite som ville oppgje sjølvråderetten. Gjennom EØS har vi likevel gradvis vorte knytte nærmare og nærmare det EU vi røysta nei til. Dei folkevalde seier ja og amen til mest alt som kjem frå Brussel. Det er vanskeleg å sjå korleis forsking skal kunne endre dette.

Gjerdåker nemner som forskingstema spørsmålet: «Er EØS-avtalen tenleg for Noreg?» Kva tyder «tenleg»? Er det primært eit økonomisk, statsrettsleg eller politisk spørsmål? Den aktuelle saka nett no er om vi skal slutte oss til EUs energiunion. Debatten har primært dreidd seg om det vil gje oss dyrare elektrisk kraft eller ikkje, og den statsrettslege argumentasjonen vert relatert til dette. Med andre ord ei reint instrumentalistisk forståing av politikk. Dette er ein del av den liberalistiske tenkjemåten EU byggjer på.

Folket hadde så seint som i 1994 enno ikkje følgt eliten på denne vegen. Folkerøystinga stod i røynda mellom to heilt ulike moral- og politikkforståingar, tradisjonen frå 1814 og den nye liberalismen. Ei erfaringsbasert kulturell livsform var gradvis vorten oppløyst under inntrykket av mellom anna dei nye samfunnsvitskapane og den kalde krigen. Når grunnlovsfeiringa i 2014 kunne skje i liberalismens ande utan motstand, syner det kor lite hald det er i påstanden om at nei-sigeren var eit tidsskifte. Det kan berre forståast i ironisk meining. Heilt grunnleggjande og sentrale omgrep som politikk, demokrati og fridom har fått nytt innhald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement