ESA og offentleg støtteESAGUTTORM KJELSVIKVESTNESDag og Tid refererer 20. oktober til at ESA vil sjå etter Noreg sin praksis i EØS-avtalen art. 125. Tidlegare direktør i ESA Per Anders

Publisert

Dag og Tid refererer 20. oktober til at ESA vil sjå etter Noreg sin praksis i EØS-avtalen art. 125. Tidlegare direktør i ESA Per Anders Bjørgan meiner 27. oktober at «Lovgiver har for de viktigste kommunale næringene for lengst ryddet opp». Når det gjeld avfallsektoren er dette svært tvilsamt.

Men eg er einig i at det blir for omfattande å la dette også bli ei sak om kommunal eigedomsforvaltning, barnehagar, symjehallar etc. Men med omsyn til avfallssektoren er det tvillaust at det går føre seg kryssubsidiering i høve til private aktørar. Om ein skal sikre konkurranse på like vilkår, må følgjande vektleggjast:

1. Kommunale avfallselskap er unnateke plikt om eigedomsskatt.

2. Dei betalar ikkje inntektsskatt så lenge 80 prosent av kapasiteten er brukt i den kommunale delen. Men kravet her er berre eigne rekneskap, ikkje juridiske eigne selskap. Om dei har etablert eigne selskap (som eit heileigd AS), er dette berre ein fiksjon når dei same juridiske personane sit i begge selskapa. Eg viser til regelverket om kryssubsidiering: «– Det investeres i maskiner og utstyr i den offentlig finansierte delen av virksomheten, som gir lavere driftskostnader for den konkurranseutsatte delen av virksomheten. – Ansatte, utstyr eller lokaler fra den offentlig finansierte delen av virksomheten brukes i den kommersielle delen av virksomheten.»

Den som kjenner til sjølvkostrekneskap, veit at ingen utanforståande kan kontrollere dette godt.

3. Det er særskilde reglar for etterdriftsfond i offentlege selskap. På grunn av unntaket for konkursrisiko og inntektsskatt vert avsetninga til dette heilt annleis enn i private selskap. Private selskap må setje av store beløp til slikt fond utan at dette kan takast til utgift. Og eigarane må også betale formuesskatt av avsetninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement