Erna Solberg om tyskarjenteneTilgjevingArild Vøllestad,StavangerDen 17. oktober la statsminister Erna Solberg fram ei orsaking for måten tyskarjentene er blitt handsama på av norske styresmakter etter mai 1945. Ho sa mellom anna: «Freden kom ikke til alle

1946: Tyskarjenter blir forviste til Tyskland med borna sine.
1946: Tyskarjenter blir forviste til Tyskland med borna sine.
Publisert

Den 17. oktober la statsminister Erna Solberg fram ei orsaking for måten tyskarjentene er blitt handsama på av norske styresmakter etter mai 1945. Ho sa mellom anna: «Freden kom ikke til alle 8. mai 1945. I tiden etter at Norge igjen ble fritt, ble norske jenter og kvinner som hadde eller ble anklaget for å ha forhold til tyske soldater, utsatt for en uverdig behandling», og «norske myndigheter brøt med rettsstatens prinsipper om at ingen borger skal straffes uten dom eller dømmes uten lov».

Dette handla om at 3000–5000 kvinner vart internerte eller arresterte utan lovheimel. I nokon mon skjedde nok dette fordi heimestyrkane, i det maktvakuumet som var våren og sommaren 1945, ville verna dei mot trakassering. Men likevel. Vidare vart ein del kvinner som hadde gifta seg med tyskarar, fråtekne det norske statsborgarskapet sitt. Nokre vart tvangsklypte og ført rundt til spott og spe på gater og torg. Rett nok ikkje av norske styresmakter, men uten at desse klarte å hindra dette. Og det var vidare eit utbreidd syn i opinionen at tyskarjentene måtte vera åndssvake, og såleis berarar av skadeleg arvestoff!

Det som fagleg sett ligg til grunn for den talen statsministeren heldt, er Holocaustsenterets «Utredning om norske myndigheters behandling av tre utvalgte grupper etter andre verdenskrig». Dei reknar med at 30.000–50.000 norske kvinner hadde kjærasteforhold til tyske soldatar i perioden 1940–1945, og at 10.000–12.000 born vart fødde. Dette var svært tabuisert, så tala er noko usikre. Kvinnene hadde høgst ulik bakgrunn, alder og motivasjon.

Dei bøkene eg har lese om temaet, tyder på at få hadde sympatiar for nazismen. Men mange fall pladask for han dei trudde var «mannen i deira liv».

Etter Solbergs tale har nokre protestert. Mellom anna Stig Breistein, som i Bergens Tidende 25. oktober skriv: «Tyskertøsene fortjener ingen unnskyldning (…) tyskertøsene ga tilfredsstillelse og legitimitet til okkupasjonsmakten. En makt som sto for deportasjon og massedrap (…)» (dette kom opp i NRK-Dagsrevyen 27. oktober).

Men her blandar Breistein korta. Når ein les heile Solbergs tale (han ligg på nettet), er det umogeleg å tolka henne slik at bøna om orsaking er ei glatt godkjenning av alt tyskarjentene gjorde frå A til Å. Det Solberg vil ha fram, er som nemnt ei orsaking frå norske styresmakter for at dei braut med «rettsstatens prinsipper» etter at freden kom. Og det er noko anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement