Er Vardø ein arktisk by?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Erlend Skjetne reiser i Aust-Finnmark og skriv at Vardø er «den einaste delen av Noreg sør for Svalbard som tilhøyrer den arktiske klimatiske sona, definert ved at middeltemperaturen, jamvel i den varmaste månaden, juli, ikkje er over 10 grader».

Hadde han berre reist i fjor, ville dette vore heilt rett. Men klimatologane refererer til 30 år lange «normalperiodar» etter eit vedtak som vart gjort av den internasjonale meteorologiske verdskongressen på eit møte i Warszawa i 1935. Den fyrste normalperioden var frå 1901–30, fylgt av 1931–60, 1961–90 og no 1991–2020.

I år er dermed fyrste året vi refererer til perioden 1991–2020. I denne 30-årsperioden er temperaturen i varmaste månad over 10 gradar og Vardø har dermed mist statusen sin som byen i Noreg med arktisk klima. No er det heller ikkje juli som er varmast, men august. Formelt kan Vardø få tilbake statusen som arktisk by i 2051, for då blir referansen 2021–2050, men med dei klimaendringane vi no ser, er det urealistisk.

Kven har sett grensa på nett 10 gradar? Då må vi gå til Wladimir Köppen (1846–1940) som baserte grensene mellom klimasonene etter vegetasjonen. Inndelinga hans i klimasoner står seg godt den dag i dag.