I førre nummer las eg om den danske forfattaren Asta Olivia Nordenhof som vil vekk frå den «mannleg-vestlege» romanidéen. Eg stansa opp og tenkte på dette, for mi erfaring som lærar og forfattar er at få menn les romanar, særleg unge menn.
Eg finn det difor vanskeleg å tru at det skulle vera noko veldig maskulint over den moderne romanen. Litt skarpt formulert kan det verka som menn ikkje likar skjønnlitteratur. Det finst openbert mange mannlege forfattarar og tilsette i forlagsbransjen, men eg tvilar på at dei har éin felles idé om kva ein roman bør vera. Eg meiner også at romansjangeren neppe kan vera så mannleg når ein kvinneleg forfattar kan lukkast kommersielt og kritisk med ei bok tufta på mottoet «Føkk menn».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.