Er ikkje Ukraina ein eigen nasjon?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I ein fjernsynstale kvelden før han let troppane sine gå laus på Ukraina, gjorde Putin eit stort poeng av at det ikkje finst, og aldri har funnest, ein ukrainsk nasjon eller ein ukrainsk statsskipnad. Ukrainarane hadde alltid vore ein «integrert del av Russlands eiga historie, kultur og åndelege sfære».

I denne timelange talen gjorde Putin nærast narr av dei ukrainske freistnadene dei siste tre tiåra på å byggje opp ein eigen nasjonalstat. Han teikna eit bilete av Ukraina som eit resultat av mistak og bommertar av fleire generasjonar leiarar i Moskva. Fyrst Lenin, som tok eit stykke russisk landområde og laga eit kunstprodukt, republikken Ukraina. Fylgt av Stalin, som la område frå andre austeuropeiske land til dette «kunstproduktet». Og endeleg (ukrainaren) Khrusjtsjov, som «av ein eller annan grunn tok Krim frå Russland og gav det til Ukraina i 1954».

Ukraina er altså ifølgje Putin ingen legitim nasjon, ingen legitim stat, det er ein del av Russland. Og på dette grunnlaget sette han i gang åtaket den 24. februar 2022 for å fjerne dette påståtte kunstproduktet frå kartet. Kva er fakta i historia om Ukraina?

Ukrainske historikarar peikar med rette på at sjølvsagt er russisk og ukrainsk historie tett samanvove, men fyrstedømet i Kyiv vart skipa hundrevis av år før fyrstedømet i Moskva. Etterkvart vart fyrstedømet Moskva ­– nykomlingen – dominerande, og dette vart nettopp hovudgrunnen til at Ukraina aldri fekk ein stabil statsskipnad. Men som også nordmenn burde veta frå si eiga soge, så er ikkje lange periodar utan ein eigen stat noko prov på at det ikkje finst ein nasjonalitet og ein nasjon.

Den ukrainske nasjonalismen har gong på gong kome til uttrykk opp gjennom hundreåra. Frå den ukrainske kosakkleiaren Ivan Stepanovitsj Masepa som allierte seg med svenskekongen Karl XII mot Peter den Store; dei talrike bondereisingane mot liveigenskapen som det russiske tsardømet hadde påtvinga dei frie bøndene i Ukraina; fram til 1917, da ukrainarane i det volhyniske garderegimentet slutta seg til demonstrantane mot tsarregimet, innførte ukrainsk som kommandospråk og kjempa under den blå–gule fana. Eit følgjeriktig steg på den same vegen var utropinga av ein uavhengig ukrainsk republikk i 1917. Sjølv om denne vart kortvarig – i 1920 vart landet tvangsinnlemma i Sovjetunionen – så var Ukraina i heile sovjetperioden eit sentrum for motstand, opposisjon og oppreist.

Klassemordet (holodomor) på dei ukrainske bøndene under Stalin (3–5 millionar offer) greidde ikkje å knekkje det ukrainske folket og den ukrainske motstandsviljen. Under andre verdskrigen melde titusenvis av ukrainarar seg til kamp på tysk side under general Vlassov. Dette var ei tragisk misforståing og eit tragisk sidespor, diverre, på grunn av Hitlers forblinda rasegalskap. Hadde Tyskland gjeve Ukraina sjølvstende i 1941, og gjort ukrainarane til ein alliert mot sovjetkommunismen, kunne andre verdskrigen fått eit heilt anna utfall. Tvert imot så sende tyskarane den ukrainske nasjonalisten og antikommunistiske motstandskjemparen, Stepan Bandera, i konsentrasjonsleir, etter at han saman med andre ukrainske nasjonalistar etter den tyske invasjonen i 1941 proklamerte Ukraina som sjølvstendig stat. I 1944 avslo han eit tysk tilbod om å slutte seg til den tyske kampen mot Sovjetsamveldet.

Denne nasjonale motstandsmannen og konsentrasjonsleirfangen har det russiske propagandaapparatet med ein viss suksess greidd å karikere som ein «nazist». Bandera heldt seinare fram kampen i utlandet for eit fritt Ukraina, men vart myrda av ein KGB-agent i München i 1959. Hans «Ukrainske opprørsarmé» heldt motstandskampen i gang til ut på 1950-talet, og hadde tidvis store område under sin kontroll. For dei som kjenner ukrainsk historie, kan difor ikkje proklamasjonen om eit fritt og sjølvstendig Ukraina i 1991 ha kome som eit sjokk. Enda mindre overraskande var det at ved folkeavrøystinga som vart tilskipa, var det eit stort fleirtal (92,3 prosent) for sjølvstende.

I desse dagar fører Ukraina ein desperat forsvarskamp mot den russiske overfallsmakta. Alle må bli imponert over den ukrainske forsvarsviljen og evna til å stå i mot ei brutal overmakt. Ingen veit i skrivande stund korleis dette vil ende.

Ei sak tykkjest klar, bortsett frå at Russland har tapt krigen politisk, moralsk og propagandamessig: Ut av denne krigen kjem Ukraina og ukrainarane med styrka nasjonalkjensle, styrka medvit om eigen nasjon og identitet. Ein kan berre vone at den gamle nasjonen og etterkvart nokså vaksne nasjonalstaten Noreg syner like sterkt nasjonalt samhald og forsvarsvilje som Ukraina, dersom vi skulle koma i ein liknande situasjon.