Er ikkje eit glas eller to sunt lenger?

«Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk», skreiv Paulus til Timoteus (1 Tim 5,23). Og eit glas blir ofte heva med ynske om god helse. Men er det noko helsefremjande ved alkohol?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Diskusjonen om det vitskaplege grunnlaget for at alkohol kan ha ein helsefremjande effekt, særleg med tanke på hjarte- og karsjukdommar, er snart 120 år.

I 1904 skreiv ein forskar i New York at åreforkalking var sjeldan hos storforbrukarar av alkohol, og at hjartepasientar oftare var avhaldsfolk. Men diskusjonen skaut fart i 1978, då tidsskriftet The Lancet publiserte ein økologisk analyse der høgare alkoholforbruk (som i Frankrike) var knytt til lågare risiko for å døy av hjarteinfarkt.

Økologiske studiar (også kalla «arm-chair epidemiology»), der grupper av individ (til dømes ulike nasjonar) er observasjonseiningane, kan berre antyde mogelege samanhengar, men etter artikkelen i The Lancet kom det ei bølgje av studiar. Allereie i 1984 finn vi Michael Marmots artikkel som konkluderte slik: «The apparent protective effect is not large (RR=0.5) but the consistency of the association and the existence of plausible mechanisms increase the likelihood that the negative association is causal. However, if alcohol intake were to increase in the population the social and medical consequences would be large. An increased intake is therefore not recommended as a community measure for CHD prevention.»

Michael Marmot skulle bli ein av dei viktigaste forskarane innafor folkehelse dei neste førti åra. Trass hans forsiktige tolking dominerte i denne tida den oppfatninga at alkohol, og særleg vin, beskytta mot hjarte- og karsjukdommar.

Nordiske råd

Om lag kvart tiande år oppdaterer Nordisk råd kunnskapsgrunnlaget for eit helsefremjande kosthald (Nordic Nutrion Recommendations, eller NNR). Den siste utgåva er frå 20. juni i år. Rapporten er basert på dei nyaste forskingsresultata og rettar seg mot både dei nordiske og dei baltiske landa. Eit av kapitla handlar om alkohol og helse. Utgåva frå 2012 konkluderte med at høgaste anbefalte alkoholinntak ikkje burde overstige to einingar per dag for menn, og éi eining for kvinner (ei eining inneheld 10–12 gram alkohol, t.d. eit standardglas vin). Barn, ungdommar og gravide blei rådde til å ikkje drikke alkohol i det heile. Årets tilrådingar er strengare. Dei ligg nærare Verdshelseorganisasjonen sine råd og fråråder all bruk av alkohol. Kva veit vi i dag som vi ikkje visste for 10–12 år sidan?

Kunnskap om alkohol og kreft

Samanhengen mellom alkoholbruk og visse kreftsjukdommar har blitt tydelegare. Når det gjeld kreft, er det ikkje mogleg å setje ei trygg øvre grense. Samtidig har uvissa auka når det gjeld ein mogleg førebyggjande effekt av alkohol på hjarte- og karsjukdommar. Råda frå førre NNR (2012) var blant anna basert på fleire samleanalysar som viste at risikoen hjarteinfarkt var om lag 30 prosent lågare hos alkoholbrukarar enn hos ikkje-brukarar. Lågast risiko såg ein ved 1–2 einingar per dag. Samtidig var total dødelegheit lågare hos brukarar enn ikkje-brukarar.

Frå 2012–2021 blei det publisert fleire nye samleanalysar som gav ulike resultat. Nokre viste ikkje nokon beskyttande effekt, andre at 1–2 einingar var knytte til lågast risiko for hjarteinfarkt og diabetes, alt over dette reduserte forventa levetid. Råda om alkoholbruk har hittil vore baserte på observasjonsstudiar, oftast med sjølvrapportert alkoholforbruk. Vi har ikkje randomiserte forsøk, og truverdet i studiane avheng av kva høve forskarane har til å kontrollere forvirrande variablar eller unngå systematiske feil. I kva grad er til dømes dei som rapporterer fråhald, tidlegare brukarar som har valt bort alkohol av ulike sjukdomsårsaker? Og ikkje minst kor godt har vi målt alkoholinntaket når vi spør om kor mykje folk drikk? Eit kontrollert eksperiment der ein tilfeldig fordeler folk til alkohol eller ikkje og følgjer dei i fleire tiår, er ikkje mogleg, både av etiske og av praktiske grunnar. Vi står att med metodeproblem som gjer det vanskeleg å tolke resultata, men det finst andre vegar å gå.

Gen syner kor mykje du drikk

Mendelsk randomisering (MR) er ein metode som har blitt utvikla dei siste tiåra, og som løyser nokre av desse metodeproblema. Han er basert på den tilfeldige fordelinga av genetiske variasjonar knytte til dei moglege årsaksfaktorane som vi er interesserte i. Eit typisk døme når det gjeld alkohol, er genetisk variasjon i enzymet aldehyd dehydrogenase (ALDH), der ein variant fører til langsamare nedbryting av alkohol til aldehyd. Berarar av denne varianten opplever flushing og andre ubehagelege symptom, noko som fører til lågare alkoholforbruk. Denne gruppa fungerer dermed som ei kontrollgruppe og representerer personar med lågt alkoholinntak. Dei forvirrande (konfunderande) faktorane hamnar tilfeldig mellom dei ulike genetiske gruppene, og vi står att med eit randomisert forsøk, eller rettare noko som liknar på eit slikt forsøk. Etter 2012 har det komme fleire MR-studiar om alkohol og hjarte- og karsjukdommar, og dei viser ikkje same beskyttande effekt av alkohol som observasjonsstudiane. Diskrepansen mellom desse studiane og studiar som bruker genetiske variasjon som proxy for eksponeringa, er påfallande. Forskjellane i resultata kan komme av at MR-studiane i mindre grad fangar opp eit lågt alkoholforbruk. I så fall kan dei klassiske observasjonsstudiane vere gyldige.

Kva gjer vi no?

Både Verdshelseorganisasjonen og NNR 2023 konkluderer med at det ikkje finst noko sikkert alkoholforbruk når det gjeld vern mot sjukdom og død. Denne utsegna må sjåast i samanheng med betydninga av dødsårsakene. Det er truleg at alkohol har ein netto vernande effekt når dødsårsaker som hjarteinfarkt og diabetes utgjer meir enn 60 prosent av dei totale dødstala. I ein slik situasjon kan ein spesifikk førebyggjande effekt av alkohol vere helsebringande for folkesetnaden. Dersom risikoen for død av hjarteinfarkt og diabetes går ned av andre årsaker enn auka alkoholforbruk, slik det truleg er i Norden, vil den vernande effekten av alkohol i folkesetnaden bli mindre. Og alle dei andre negative helseeffektane av alkohol vil framleis vere til stades.

Førebels konkluderer vi forsiktig med at eit drikkemønster med mindre enn to einingar per dag ikkje er skadeleg når det gjeld hjarteinfarkt og diabetes, og ikkje aukar den totale dødelegheita. Kva seier vi til Timoteus? På hans tid var nok vin tryggare enn vatn. I dag gjeld ikkje dette lenger.