Utanriks
Er hybris dømt til fall?
Evan Vucci
Det trengst inga djup innsikt i politisk teori for å forstå drivkreftene bak Donald Trumps politiske prosjekt. Narsissisme, hybris og grådigheit er ikkje berre analytiske omgrep – dei er praktiske styringsprinsipp. Narsissismen syner seg i det konstante behovet for å dominere nyheitsbiletet, definere røyndomen og iscenesetje seg sjølv som ufeilbarleg. Hybrisen ligg i trua på at lover, institusjonar og alliansar er til for å bøyast – ikkje respekterast. Og grådigheita kjem til syne i ein politikk der alt, frå tollsatsar til tryggingsgarantiar, blir gjorde til gjenstand for transaksjon.
I gresk tragedie er hybris ikkje berre eit karaktertrekk, men ein feil som set i gang ein uunngåeleg prosess. Nemesis, gudinna for hemn og rettferdig gjengjelding, lèt vente på seg – men når ho først kjem, er det fordi hovudpersonen har forveksla makt med uavgrensa handlingsrom.
Då USAs høgsterett sette foten ned for delar av Trumps aggressive tollregime, var det meir enn eit juridisk nederlag. Det var eit sjeldan, konkret uttrykk for at sjølv ein president som har strekt grensene for utøvande makt, framleis kan møtast av institusjonell motstand. Tollpolitikken – presentert som eit våpen for å «vinne» handelskrigar mot både allierte og rivalar – blei i staden eit døme på kor vanskeleg det kan vere å gjere personleg vilje om til varig politikk.
Endå tydelegare blir avgrensingane i utanrikspolitikken. Trumps krig mot Iran er ikkje berre eit uttrykk for vilje til makt, men for strategisk einsemd. Der tidlegare amerikanske administrasjonar har søkt breie koalisjonar, står Trump no i ein situasjon der verken Kina eller sentrale aktørar i Nato vil stille seg bak han. Resultatet er ein paradoksal maktposisjon: maksimal retorisk styrke kombinert med minimal faktisk oppslutning.
Dette er ikkje berre geopolitikk – det er klassisk tragedie i moderne form. Ein leiar som ropar høgare dess meir isolert han blir.
Trumps vreide, som lenge har vore eit politisk verktøy, framstår no meir som eit symptom. Åtaka på dommarar, allierte og kritikarar, no sist pave Leo, blir intensivert i takt med motstanden han møter. Men i staden for å styrkje maktgrunnlaget kan det òg bidra til å svekkje det over tid. Når mange motstandarar blir framstilte som fiendar, blir det vanskelegare å skilje mellom reelle truslar og konfliktar ein i større grad har vore med på å skape sjølv.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.