Entropien i norskeksamenNorskfagetKnut HandelandÅrets sidemålseksamen i vidaregåande tek i den obligatoriske kortsvaroppgåva utgangspunkt i eit utdrag frå ein biografi om ein gravemaskinførar frå Ullensvang. Biografien har den fatalistiske tittelen
Årets sidemålseksamen i vidaregåande tek i den obligatoriske kortsvaroppgåva utgangspunkt i eit utdrag frå ein biografi om ein gravemaskinførar frå Ullensvang. Biografien har den fatalistiske tittelen Går det til helvete, så går det til helvete, og noko seier ein at han ikkje løyner djupe lagnadstunge innsikter. Noko som viser seg å stemme. Utdanningsdirektoratet, eller eksamensnemnda for norskfaget, er med sitt tekstval likevel med på å realisera den uhøvla folkevisdommen på sitt ansvarsområde. Håpar det ikkje er vilja.
Opningskapitlet, «Hardingen» som elevane får presentert, syner ei heller velutvikla evne til repetitiv bannskap i karakteristikken av hug og hått hjå seg sjølv og sambygdingar. Hovudpersonen kjempar ein veldig verbal kamp med dei få orda han meistrar: jævel, pissa, fan, drit, helveteskapen. Fienden må vere av den særleg vonde typen, skulle ein tru, men han er vanskeleg å få eit klart bilete av, og ein må innsjå at her handlar det primært om ein som har fått skrivehjelp til å verbalisera sitt seinpubertale identitetsprosjekt.
Med mykje velvilje kan ein tolka tekstføremålet som ein kamp for å etablera ein konkurrerande heimstadmytologi om Hardanger, ein antitese til det nasjonalromantiske biletet. Spinkle peikarar til nasjonalromantikk og det norske kunne vore eit smalspora utgangspunkt for å skapa eksamensrelevans ut av eit dårleg utgangspunkt. I staden vel Utdanningsdirektoratet oppgåveinstruksen «Gjer greie for nokre av verkemidla forfattaren bruker for å skildre Lothepus», ei instrumentell oppgåve utan tilskunding til kvalitetsvurderingar. Inntrykket elevane må sitje att med, er at dette er viktig litteratur med førebiletlege verkemiddel som vaktarane av litteratur- og kulturarven meiner fortener plass og tid på eksamen.
Den nasjonale avgangseksamen bør vere eit utstillingsvindauga for litteratur me meiner er verd å kjenne til, fordjupe oss i, hugse. Litteratur som motverkar entropien i røynda, som har tatt til seg impulsar frå omverda, filtrert dei gjennom eit liv og maktar å formidle noko verdifullt i minneverdig formspråk. Anten fordi dei fortryller med noko framandt, underleggjer daglege erfaringar eller byggjer syntesar som hjelper oss i å forstå tilværet.
«Hardingen» fortener ikkje plassen, men han er ikkje åleine. Det gjeld fleire eksamenstekstar som verkar produserte av multikulturelle svadageneratorar og endar opp i postmoderne verbale bombekrater, på sitt beste utan evne til å formidle anna enn forvirringa i individuell patologi.
I eit lukka system aukar entropien, graden av uorden. Teksten «Hardingen» er slik. «T-banematrisen» er ein annan frå same oppgåvesett. Eksamen i norsk bør halde seg med tekstar som står seg over tid, som motverkar den kulturelle entropien ved at dei evnar å tilføra energi og substans til det syntetisk-integrative meningsskapingsprosjektet danninga føreset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.