JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Engelsk-inntoget i norsk akademia

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2542
20211015
2542
20211015

Akademia

Det er visstnok ei kjensgjerning at det meste av undervising og publiseringar ved norske universitet går føre seg på engelsk. Slik sett er det liten skilnad på norske og ikkje-norske forskarar.

Men norske akademikarar, skriv Jan Inge Sørbø i Dag og Tid 8. oktober, narrar seg sjølve om dei trur at dersom dei publiserer på engelsk, så vil store delar av verda lesa det dei skriv. Engelskspråklege tekstar av norske akademikarar blir oftast berre lesne av norske akademikarar. Hadde dei skrive på norsk, ville dei fått fleire lesarar og stimulert den norske debatten.

Det er som å høyra ekkoet frå salig Georg Johannesen i Bergen: «Det finnes avhandlinger skrevet på engelsk av norske akademikere, men bare norske akademikere er i stand til å lese dem. Du må bli god i norsk for å bli god i noe annen språk.»

Det er sjølvsagt latterleg at nordmenn i Noreg i gravalvor skriv til kvarandre på utanlandsk. Erasmus Montanus er visst ikkje død. Men det er ei side ved denne tendensen som ikkje er komisk. Norsk språk treng å brukast og utviklast som arbeidsreiskap på spesialiserte vitskaplege område, meir enn nokon plass må dette skje ved norske universitet.

Avlidne litteraturprofessor Vigdis Ystad var mellom dei som uroa seg sterkt over inntoget av engelsk på felt etter felt i akademia. No blei Ibsen lesen og studert på universitetet, til fortrengsel for norsk.

Presset på morsmålet er ikkje eineståande for Noreg. I Finland, der folk tradisjonelt er språkleg sjølvbevisste, gir den internasjonalt kjende forfattaren Sofi Oksanen uttrykk for den same uroa som Ystad. Ho skriv: «Finskspråkleg kultur, litteratur og lesekunnskap er sjølve grunnmuren under livet vårt, og fortel kven me er. Den trengst å studerast og utviklast, og kven andre skal kunna gjera det enn finnane? Dette er oppgåva vår.»

Mykje av skulda for at morsmålet i akademia blir forsømt, legg Oksanen på inntoget av næringslivsfolk i styra for universiteta. Er dette til å kjenna igjen også her i landet?

Har norske utdannings­-
institusjonar eit ansvar for å halda oppe ein nasjonal identitet, spør Sørbø. Den engelske dominansen ved universiteta tyder lite på at universiteta bryr seg om å ta det ansvaret. Det at engelsktalande og -skrivande forskarar frå andre land befolkar norske universitet i såpass stort tal, er ei sak for seg som sikkert fortener debatt.

Det verkeleg tvilsame er dersom norskfødde akademikarar ikkje vil vedkjenna seg språket sitt og kulturen sin. Det er ikkje berre tvilsamt, det er ille.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis