Engelsk-inntoget i norsk akademia
Det er visstnok ei kjensgjerning at det meste av undervising og publiseringar ved norske universitet går føre seg på engelsk. Slik sett er det liten skilnad på norske og ikkje-norske forskarar.
Men norske akademikarar, skriv Jan Inge Sørbø i Dag og Tid 8. oktober, narrar seg sjølve om dei trur at dersom dei publiserer på engelsk, så vil store delar av verda lesa det dei skriv. Engelskspråklege tekstar av norske akademikarar blir oftast berre lesne av norske akademikarar. Hadde dei skrive på norsk, ville dei fått fleire lesarar og stimulert den norske debatten.
Det er som å høyra ekkoet frå salig Georg Johannesen i Bergen: «Det finnes avhandlinger skrevet på engelsk av norske akademikere, men bare norske akademikere er i stand til å lese dem. Du må bli god i norsk for å bli god i noe annen språk.»
Det er sjølvsagt latterleg at nordmenn i Noreg i gravalvor skriv til kvarandre på utanlandsk. Erasmus Montanus er visst ikkje død. Men det er ei side ved denne tendensen som ikkje er komisk. Norsk språk treng å brukast og utviklast som arbeidsreiskap på spesialiserte vitskaplege område, meir enn nokon plass må dette skje ved norske universitet.
Avlidne litteraturprofessor Vigdis Ystad var mellom dei som uroa seg sterkt over inntoget av engelsk på felt etter felt i akademia. No blei Ibsen lesen og studert på universitetet, til fortrengsel for norsk.
Presset på morsmålet er ikkje eineståande for Noreg. I Finland, der folk tradisjonelt er språkleg sjølvbevisste, gir den internasjonalt kjende forfattaren Sofi Oksanen uttrykk for den same uroa som Ystad. Ho skriv: «Finskspråkleg kultur, litteratur og lesekunnskap er sjølve grunnmuren under livet vårt, og fortel kven me er. Den trengst å studerast og utviklast, og kven andre skal kunna gjera det enn finnane? Dette er oppgåva vår.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.